VALLE: Det heng måleri for fleire hundre tusen kroner på veggane i Valle Sparebank. Banken har dei siste åra sikra seg kunst som mange kunstsamlarar godt kunne tenkt seg. Ikkje minst er bileta av målaren Lars Osa (1860-1958) med motiv frå Setesdal ettertrakta. Fleire av dei oppnår prisar nær 100.000 kroner på auksjonar. Valle Sparebank har fem Osa-måleri.— Det er viktig at slik kunst vert verande i Valle. Det har med identitet å gjere, seier banksjef Olav Rike i Valle Sparebank til Fædrelandsvennen.Nå smiler den kunstinteresserte banksjefen nøgd over at han i helga henta heim den kjende målaren Johan Fredrick Eckersberg (1822-1870) sitt måleri «Bygdelandskap» frå 1850. Dette er eit måleri frå Valle-bygda seks år etter at Valle kyrkje vart bygt.Valle Sparebank fekk tilslaget på det 33 x 50 centimeter store måleriet hjå Blomqvist auksjonsforretning i Oslo for 54.000 kroner. Billeg, synest Rike når eit anna, og mindre, måleri av Eckersberg frå Vestlandet vart seld for 165.000 kroner på Grev Wedels auksjonshus i mai.- Veldig moro med eit slikt tidleg måleri frå Valle som nesten fotografisk syner korleis det såg ut i Valle den gongen, meiner Olav Rike.Han peiker på dei to snøflekkane i fjellet på biletet. Ei stor og ei lita snøfonn over Laugardalen fortalte folk at no var våren komen så langt at det var «føde for ei kyr og ein kalv.»Biletet er måla i midten av juni 1850, trur banksjef Rike.Forutan Eckersberg og Osa, har Valle Sparebank fleire måleri av bygda sin eigen kunstnar Harald Lund (1908-1993), Reidar Fritzvold og Olav Bjørgum.Bileta heng rundt omkring i banken. Publikum kan sjå dei når dei er i ekspedisjonen eller hjå dei ymse sakshandsamarane.- Nå kan vi snart samle måleria til eigen kunstutstilling, seier Olav Rike. Det for at sambygdingane skal kunne glede seg over den verdfulle kulturskatten at banken kvart år brukar nokre tusen kroner på måleria frå Setesdal, fortel banksjefen.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no