eu | Eg høyrer så mykje eg kan på svensk radio, som regel frå kl. 22. Det har eg gjort lenge, for eg har interesse av å høyre korleis det er å vere inne i «EU-paradiset». Etter mange program og debatter frister det slett ikkje å kome inn. Gjennomgangstona er at Sverige blir overstyrt av EU slik at det ikkje er til beste for folk og land. EU-systemet er danna frå toppen og ned, ikkje frå folket og oppover. Nei-prosenten ved ØMU-avstemninga i 2003 er høgare nå. Og det var bare nokre dagar rundt folkeavstemninga i 1994 at det var fleirtal for at Sverige skulle bli EU-medlem. Sidan har det vore nei-fleirtal, så svenskane angrar.I eit av dei siste programma på svensk radio, var det nokre deltakarar frå forskjellige parti som vart spurd om dei trudde EU kom til å vinne svenskanes hjerter. Nei, svara dei — sakane skal avgjerast i den svenske riksdagen og ikkje i Brussel. Då Sverige vart EU-medlem vart det lova av EU-tilhengjarane at Sverige sjølv skulle bestemme alkoholpolitikken. Men nå ser me resultatet, sa dei. Alkoholavgiftene harmoniseres ned i EU, og det kan tas med nesten ubegrensa mengder alkohol mellom landa. Difor fløymer det billeg alkohol inn over Sverige, med alle dei problema det fører med seg.EU-landet Finland har sett ned alkoholavgiftene med 40% pga billeg alkohol i Lithauen, og så har alkoholforbruket auka med 40%!.13. juni skal det vere EU-parlamentvalg. Sist det var parlamentvalg var valgdeltakinga på 38%, sa dei på svensk radio. Nå viser meiningsmålinga endå lågare deltaking. Folk blir apatiske overfor EU-systemet. Folk veit ikkje kva dei «syslar med» i EU-parlamentet. Det blir for langt borte - det er meir interesse for nasjonale valg som er nær folket.I forbindelse med Tsjekkias inngang i EU uttalte Tsjekkias president Vaclau Klaus den 22. april 2004 at: «Som alle vet, vil vår stat i løpet av få dager opphøre å eksistere som en selvstendig, suveren enhet». Det samme vil skje for Norge som EU-medlem!Mari KateråsEvje og Hornnes