BYGLAND: Det har teke mange år å skaffe Bygland det nye, flotte museumstunet som vart opna for ei veke sidan. No ligg det her som ein pryd for bygda mellom riksveg 9 og Byglandsfjorden ved kommunesenteret.I mange år var dei gamle museumsbygga bak kommunehuset på Høykot neddettande. Då kjempa museumsleiar Birgit Skjevrak Skeie i avisspaltane, på telefonen til politikarar og byråkratar — jo kor ho enn kom. Dei verdfulle bygningane måtte verte flutt til ei ny og betre tomt før dei rota ned, var kravet hennar. 20 år

Etterkvart vart kommunestyra som kom og gjekk i den mest tjuge år lange prosessen, einige med Birgit og andre kulturforkjemparar. Samlingane måtte bergast. Næringssjef Vidar Frøysnes i kommuneadminstrasjonen vart prosjektleiar. Så tok kampen for å skaffe pengar til. Seint, men godt vart tomta på Presteneset opparbeidd, bygningane tekne ned og registrert, for så å verte teke hand om av handverkar Harald Moe og dei karane han måtte leige inn når stokkane vart for tunge å handsame for ein mann.Sju, åtte år har arbeidet med å bygge opp att sjølve tunet teke. Av og til har utfordringane vore å skaffe grovt nok tømmer.- Det gjekk det og, smiler Frøysnes. Han kan og fortelle at det er køyrt til 13.000 kubikkmeter masse til den ein gong så fuktige museumstomta. Tomta er heva halvannan meter.- Til no har museumstomta kosta Bygland kommune 1,7 millionar kroner. I tillegg har vi fått ein million i eksterne midlar, fortel Frøysnes. - Meir pengar

— No må politikarane skaffe meir pengar. Den gamle klengstoga som står att på Høykot, må kome hit ho og, seier Skjevrak Skeie.Dei bygningane som no rammar inn det koselege tunet til Bygland Museum, er Ose-løa frå om lag 1650, eit stolpehus frå 1700-talet frå Haugen i Åraksbø, den 400 år gamle røykstoga frå Haugen i Åraksbø og Heistadstoga frå garden Slettå på Heistad. No er desse to bygningane sett saman til eit stort hus slik det var vanleg på 1750-talet og frametter.Røykstoga har og vorte nytta som banklokale og heradshus, heilt fram til 1937. Då elektrisiteten kom til Bygland i 1922, fekk stoga elektrisk ljos.I det nye museumstunet er og eit loft frå 1700-talet. Dette kjem frå Skomedal. Eit 300 år gamalt kvernhus frå Øvre Søgarden på Lauvdal står ved sildrebekken eit stykke frå tunet.- Nå gjeld det å bruke denne vene plassen, seier dei tre museumsforkjemparane. Det trur dei ikkje vil verte vanskeleg, så fint som her er med badeplass, glassblåseri, restaurant og eit tun som angar av soge og ro og fred.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no