Kommunalminister Erna Solberg (H) ynskjer seg 100 færre kommunar, og meiner det vil gje ei betre offentleg styring. Korleis ser Setesdals-kommunane på dette?Positiv

Bjørn Ropstad (KrF), ordførar i Evje og Hornnes kommune, stiller seg positiv til ei eventuell kommunesamanslåing.— Viss alle partar har noko att for å slå seg saman, så kan ein nok vere tent med det. Her er det viktig at det er frivillig. Men ein må unngå sentralisering og legge vekt på distrikta.Ropstad meiner det er viktig å våge å tenkje nytt og å henge med på det som skjer. Samstundes som han er open for samanslåing stiller han seg meir positiv til interkommunalt samarbeid.I så fall ein stor Setesdals-kommune

— Dersom eg skulle stille meg positiv til ei samanslåing, måtte det vore ein stor Setesdals-kommune, seier varaordførar i Bygland kommune, Harry Andersen (KrF).- Vi har tenkt tanken før, men liker det ikkje. Aller helst ser eg for meg Bygland som eigen kommune om ti år.Å få vere med i tankeprosessen og ikkje få noko trædd over hovudet, ser Andersen som vesentleg.- Vi må sjølv få vere med i tanke- og endringsprosessen, noko som vi er i dag gjennom interkommunalt samarbeid i Setesdal.Har allereie tenkt nytt

Ordførar i Bykle kommune, Kay Jeiskelid (H) tykkjer Setesdals-kommunane allereie har tenkt nytt når det gjeld kommunesamanslåing.- Vi har det greitt som vi har det, og gjennom samarbeid i Setesdal regionråd ivaretek vi mange av dei interessene Solberg etterlyste i små kommunar, seier ordførar i Bykle kommune, Kay Jeiskelid.- Vi er i forkant med regionrådet, som både tek føre seg politiske saker, næringssaker og til dømes dette med verna arbeidsplasser.Jeiskelid meiner at eit meir aktivt samarbeid mellom kommunar kan motverke samanslåing.- Kvifor skal Bykle vere åleine?- Det er viktig for å kunne bevare identiteten til kommunen.Utkantane dårleg ut

Ordførar i Valle, Steinar Kyrvestad (Sp), trur utkantane vil kome dårleg ut av ei eventuell kommunesamanslåing.- Ser ein føre seg ein kommune i Setesdal, vil det vere med kommunesentrum i Evje. Då har ein ingen til å tale våre interesser, seier Kyrvestad.- Er det ikkje på tide å tenkje litt nytt?- Er det nytt å tenkje samanslåing? No for tida er det ingen som klarer tenkje andre tankar enn at alt skal bli større. Ein kommune sikrer velstand og tenester for folk i distrikta.Nærleik og tryggleik i det små

— Småkommunane gjev ein nærleik og tryggleik som er verdifull, og difor er det viktig å unngå ei kommunesamanslåing, meiner ordførar i Iveland, Ole Magne Omdal (Sp).- Samstundes må det interkommunale samarbeidet bli mykje betre og meir forpliktande enn i dag. Vi må vere meir effektive og kunne nytte oss av kvarandre sin spisskompetanse på ulike område.