VALLE: — Vi ynskjer at Valle kommune skal verne den gamle danseplassen på Rysstad-Håmåren. Dette vil vi markere med kveding, spel og ein dansering på Håmåren, fortalde kvedar og dansar Sigrid Kjetilsdotter Jore til publikum under Setesdalskappleiken på Rysstad laurdag ettermiddag.

Det ville mange blant publikum vere med på.

Etter at tevlingane var ferdige og folk budde seg på konsert med Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid seinare på kvelden, rusla eit langt fylgje av kappleikdeltakarer og publikum gjennom Rysstad sentrum, ned til Håmåren, knausen ved riksveg 9, der Telenor vil setje opp ei 24 meter høg telemast. På staden står det alt ei mindre, eldre mast, som publikum synest er meir enn høg nok.

Gamal danseplass

— Rysstad-Håmåren var frå gamal tid ein av danseplassane på Rysstad der bygdefolk møttest for å danse setesdalsgangar. Det er vist i NRK-dokumentaren ”Tidi renn og alli snåvar” om spelemannen Torleiv Bjørgum. For han var det eit ynskje at nettopp denne danseplassen vart trekt fram, seier ei av dei andre initiativtakarane til markeringa, Sigrid Bjørgulvsdotter Berg.

HÅMÅREN: Håmåren på Rysstad med den gamle telemasta sett frå riksveg 9 nordover Rysstadmo. Foto: Johs. Bjørkeli

Ho fortel at dei ikkje har gjort nokon formell førespurdnad til Telenor, men at dei no stiller spørsmål om korleis Telenor kan få dispensasjon til å setje opp ei 24 meter høg mast på eit kulturelt verneverdig område.

Vern i kommuneplanen

— Me kjem med dette framlegg om at den gamle danseplassen på Rysstad-Håmåren vert sett av som verneverdig område i den fyrstkommande revisjonen av arealdelen i kommuneplanen for Valle kommune, sa Sigrid Kjetilsdotter Jore til dei mange frammøtte på den særmerkte bergknausen midt på Rysstadmo.

Ho streka under at dei ikkje er i mot ei ny Telenor-mast på Rysstad, berre ikkje på denne staden med så rike kulturelle tradisjonar. Endå til i Johannes Skar sitt verk «Gamalt or Setesdal» er Håmåren nemnd. Då som ein stad der tussane budde.

Unge arvtakarar

Sigrid B. Berg og Sigrid K. Jore er nokre av dei nye unge arvtakarane etter tradisjonsberarar som kvedar og songar Kirsten Bråten Berg, felespelar Hallvard T. Bjørgum og dansar Torleiv Løyland med fleire. Dei samlast i gruppa Sæbyggjan som har millom 20 og 30 medlemmar. Mange av desse førde an i dansen, med spelemennene Daniel Sandén-Warg og Tor Hoslemo i spissen laurdagsettermiddagen. Og kjapt trødde publikum og gangaren der oppe på den gamle danseplassen. Med dans, slåttespel og setesdalsgangar trødde dei motstandskampen mot Telenor si nye mast i gong.