EVJE OG HORNNES: Men ingenting tyder på at ordførarane er blitt noko meir samtemte i striden om kor vidt det skal byggjast bom på grensa mellom Bygland og Evje og Hornnes.Ordførar i Bykle, Kay Jeiskelid, er klar over at det kan bli vanskeleg å få med seg kommunane nedst i dalen på forslaga frå leiaren i regionrådet.— Eg har jo registrert at motstanden i Evje og Hornnes og Bygland er stor. Dersom det er slik at over tusen innbyggjarar seier nei uansett, blir det vanskeleg å få til noko, sier Jeiskelid.- Vil det sei at bommen må stå andre stader?- Vert den ståande på stader der det er mindre trafikk enn på Byglandsfjord, vil det kanskje sei at bommen må stå i 20 år i staden for 10 år. Då er det kanskje like greit å jobbe for å få løyvingar frå staten, seier Jeiskelid.Uansett er striden om bomveg gjennom Setesdal nå inne i ein avgjerande fase. Ordførarane i dalen kjem i morgon til å kome med si tilråding om det bør byggjast bomveg, og kvar ein bom i Setesdal i så fall skal liggje.I løpet av februar skal kommunestyra behandle saka. Alle kommunestyra må gå inn for bom om det skal bli noko av planane i denne omgang.Men det kan likevel bli bom i Setesdal sjølv om Evje og Hornnes seier nei.- Det kan jo vere aktuelt med eit samarbeid om bom mellom Bygland, Bykle og Valle dersom Evje og Hornnes seier nei, meiner ordførar Bjørn Ropstad i Evje og Hornnes.