BERGEN: — Eg opplever dette stadig vekk på stamvegen mellom Bergen og Voss. Du når att bilar og gjer klart teikn på at du vil forbi. I det du startar forbikjøring og er oppe på sida av dei, så aukar småbilen farten. Dei gassar opp og eg kjem meg ikkje over i høgre felt. Dette skaper stygge og farlege situasjonar, ikkje minst når det kjem bilar i motgåande felt, seier langtransportsjåfør Knut Bjarne Holen til bt.no.

Viser feil fart

— Småbilane køyrer gjerne i 70 km/t, medan speedometeret deira viser 80 km/t. Vi er stadig inne og kalibrerer speedometra våre. Dei viser korrekt fart, forklarer Holen.

UP-sjef for Vestlandet, Leon Nordanger, stadfester det Holen seier.

— Store køyretøy har kaliberet fartsmålar som viser tilnærma rett fart. På småbilar kan fartsmålaren visa 80 km/t, medan rett fart er 70 til 75 km/t. Med korte tidsfristar for levering, kan bilistar som ligg under fartsgrensa lett bli eit kraftig irritasjonsmoment for trailersjåførar. På den andre sida må yrkesutøvarar stilla strengare krav til sin ferdsel på vegen enn andre bilførarar, seier Nordanger.

UP-sjefen meiner ein skal vera varsam med å døma vogntoget si forbikøyring, berre ut ifrå ein video: - Køyringa kan vera hinsides, eller kanskje ikkje. Ein må og huska på at vogntogsjåføren har mykje betre oversikt frå sin høge plass, enn ein har frå personbilar, seier Nordanger.

- Må få flyt i trafikken

Holen er heller ikkje nøgd med politiet sin innsats på stamvegen.

— Dei må plukka dei som lagar køane ut av trafikken. Ikkje minst på torsdagar, når ein del av hyttefolket køyrer mot Voss, er det nokre som lager lange køar. Dei ligg langt under fartsgrensa og vil ikkje sleppa folk forbi. I staden for å liggja i busskur i 60-sona, må politiet aktivt ta bort sinkene for å få flyt i trafikken, seier Holen

— Sjølv har eg aldri opplevd så mykje aggressiv køyring med store køyretøy, som etter at dei starta å handheva kvile- og køyretid reglane knallhardt. Dette EU-direktivet er ikkje laga for dei klimatiske forholda vi har og dei vegane vi køyrer på. Det kan ikkje samanliknast med motorvegar i Europa. Ikkje minst for unge og uerfarne sjåførar, som vil gjera det best mogleg i detta gamet, fører dette til meir aggressiv køyring. Men og for gamle ringrevar som oss, er dette stressande. No må vi eta brødmat langs vegen, i staden for å kunna eta oss ein varm middag, forklarer Holen, som sjølv har meir enn 30 år bak rattet.

- Du kan ikkje stenga vegen

Mange lesarar har kontakta bt.no om personbilen si plikt til å sleppe vogntoget forbi seg.

I Vegtrafikklova står det:

«Når noen vil kjøre forbi til venstre, skal forankjørende holde så langt til høyre som mulig, og ikke øke farten. Når kjøretøyet beveger seg sakte eller tar stor plass, og vegen er uoversiktlig eller har motgående trafikk, skal føreren om nødvendig vike til høyre og sette ned farten eller stanse.»

— Ein sjåfør har plikt til å sleppa andre bilar forbi seg. Det vil føra til færre trafikkfarlege situasjonar og du slepp å irritera deg sjølv. Ein bilist kan ikkje stenga vegen for andre, seier Nordanger.

— Vegen er ein stad der både du, eg og mor mi på over 80 år skal ha plass. Ho er ein god sjåfør, men køyrer nok seinare enn oss. På den andre sida er det slik at om fartsgrensa er 80 km/t, pliktar du ikkje å køyra i 80 km/t. Køyrer du seint, pliktar heilt klart du å sleppa andre forbi deg, understrekar UP-sjefen.

Mange kontrollar i helga

Utrykkingspolitiet vil vera aktive på vegane denne helga. Og neste helg når vinterferiefolket er på veg heim.

— Vi vil vera mest aktive på E16 mellom Bergen og Lærdal, seier Nordanger.

Jens Kleppe, som leiar trafikkseksjonen i politiet i Bergen, seier dei har godt med folk ute heile denne helga.

— Vi kjem til å konsentrera oss om dei sentrale delane av Bergen og områda rundt. Fokuset blir på aggressiv køyring og rus, seier Kleppe.