FIKSAR ALT: Håvard Viki fiksar alt. Her testar åttiåringen ei 10 kilo tung, antikvarisk Jobu motorsag med 5 hestar. Han laga ein gocart til sønene sin av ein slik motor då dei var små. Foto: Johs. Bjørkeli
I VERKSTADEN: Når veiret er dårlegt og vinterstid arbeider Håvard Viki inne på verkstaden. Sjølv om det til tider kan synest noko kaotisk, har han full kontroll. Foto: Johs. Bjørkeli
PAUSE MED IS: Isbilen i tunet. Håvard Viki nyttar høvet til å fylle ein berepose. Han arbeider ofte til både sju og åtte om kveldane.  Då kan det smake med litt is under pausa om føremiddagen. Foto: Johs. Bjørkeli
GJEV SEG IKKJE: I 45 år har Håvard Viki (80) drive maskinutsal og verkstad i Valle. Det har han tenkt å halde fram med. Foto: Johs. Bjørkeli

VALLE: – Eg er snart 81 år, men eg føler meg ikkje slik, seier Håvard Viki og legg frå seg vinkelkuttaren han må fikse før han kan reparere grasklypparan ein valldøl har levert inn.

– Hadde far min høyrt meg seie at eg tek snøscooteren og dreg over heia til Finndalen i min alder, ville han meint eg har vorte galen, ler han.

Mest kvar helg i vinter har Håvard gjort akkurat det. Over fjellet i 1000 meters høgde og ned til Finndalen, på grensa mot Fyresdal i aust.

Anleggsarbeidar

Då Havard gifte seg med Vilborg frå nabogarden 200 meter frå løa, var det anleggsarbeid på Brokke-anlegga som vart den økonomiske redninga.

– Eg gjekk inn i ekteskapet med 5000 kroner i gjeld og ein gard som var for liten til å leve av, seier han med eit av sine velkjende smil kring munnen.

Mykje borte

Håvard Viki vart fort kjend som ein som kunne reparere alt som trengtest å reparerast på anlegga. Han tente gode pengar, men var mykje borte frå familien.

– Då borna vart redde for meg når eg kom heim fordi dei ikkje kjende meg att, fann eg ut at eg måtte gjere noke anna, seier han.

I 1968 starta han difor Viki Maskin heime på garden. Han tok til å selge grasklypparar, motorsager og snøfresarar. Og så reparerar han dei.

Etter behov

Nett no er det høgsesong for reparasjon og sal av grasklypparar. Håvard Viki har ikkje tal på kor mange han har rundt husveggane no. Nokre skal fiksast, nokre er innbytteklypparar som han sel for ei rimeleg penge.

– Kor mange timar om dagen jobbar du no?

– Nei, det veit eg ikkje. Eg arbeider etter behov. Etter ei lang og god middagspause, kan eg halde på både til sju, åtte og ni om kveldane. Eg dreg rundt til folk og reparerar heime hos dei óg. Eg er mykje i Bykle. Eg likar meg godt der.

Ingen pensjonist

– Når vil du pensjonere deg då?

– Eg held på så lenge eg kan. Eg trivst med dette arbeidet. Det er fort gjort å fikse småmaskiner, og så er det så moro å røe med folk.

– Kva synest du om folk som pensjonerar seg som 63-åringar?

– Dei må gjere som dei vil. Men dei må for all del ikkje sitte stilt. Dei må finne på noko. Elles stivnar dei til, seier Håvard Viki og bøyger seg over grasklypparen han held på med.

Den karen har i alle fall ikkje stivna til!