Det blir sagt at me må ha debatt om Norge og EU. Det er eg heilt enig i. EU grip inn i det som Norge sjølv skal bestemme. Så det må vere ein informativ debatt om EUs politikk. Difor vil eg få lese utkastet til EUs grunnlov som finnes på dansk, og likeeins sette meg godt inn i EUs traktater og regelverk. Eg tykker nok EU-tilhengarane tek det noko lettvint, dei treng mest bare ei setning: «Inn for å påvirke». Men det er ikkje godt begrunnar kva deil vil påvirke, endre og kva måte dei vil få det til på. For grunnlaget for det meste av dei direktiver som gjennom EØS-avtalen blir gjort gjeldande i Norge er fastlagt før Norge kunne og kan påvirke. Då måtte Norge ha vore der før Roma-traktaten vart vedteke, og fått med seg alle landa — for det måtte vere einstemmig.Mari KateråsEvje og Hornnes