BYKLE: Tidlegare lokalpolitikar i Bykle, Trygve Gjerden, er blitt så lei sauer som beitar rundt husa at han har sendt brev til Bykle kommune. Han ber kommunen svare på kven sitt ansvar det er å halde sauene borte.

Ifølgje Gjerden er det vanskeleg å få kontakt med ein del grunneigarar, og han er heller ikkje nøgd med svaret han får når han får tak i dei.

— Ein grunneigar påstår han har beiterett i byggefelta der kommunen har solgt tomter, skriv Gjerden i brevet.

I Bykle kommune er dei ikkje sikre på om det faktisk fins ein slik beiterett frå gamalt av. Rådmann Tallak Hoslemo jobbar no med saka.

— Vi må finne ut om beiteretten blei innløyst då kommunen overtok desse områda til bustadfelt. Men det er lenge sidan kommunen overtok og difor tek det litt tid å finne ut av dette, seier Hoslemo.

Han seier at det har blitt fleire klager på sau som beitar i bustadfelta dei siste åra.

— Kor stort problem er dette?

— Det kan eg ikkje seie, men for dei som får sau inn i hagane som et opp blomane, er det sjølvsagt eit problem, seier Hoslemo.

Han trur ikkje problemet er over sjølv om kommunen finn ut at beiteretten blei innløyst då kommunen kjøpte opp areal til bustader.

— Sjølv om den er innløyst, så veit ikkje sauene om det. Så vi må få løyst dette problemet på ein god måte, seier Hoslemo.

Trygve Gjerden ville ikkje la seg intervjue om saka og viser berre til brevet han har sendt kommunen.