BYGLAND: Inntil i fjor jobba Austad i deltidsstilling som ordførar og hadde ei netto inntekt på 285.191 kroner. Det gjorde han til lønstapar blant ordførarane i landsdelen.

Austad var ikkje nøgd med løna:

— Det var to sider ved dette som var uheldig. Det er ei stor arbeidsmengd som ordførar og det er mange som ikkje vil kunne ta på seg vervet sidan dei då må kombinere det med anna arbeid. Det er det ikkje alle som kan, seier Austad.

Sjølv kombinerte han 60 prosent stilling som ordførar med landbruk. Men også med denne ekstra inntekta vart det ikkje noko spesielt godt år for ordføraren.

Kommunestyret i Bygland vedtok difor i fjor å auke ordførarløna til 570.000 kroner. Det meiner Knut Austad er ei god løn. Den er også på nivå med andre kommunar og ordføraren konkurrerer no med løna til kolleger i langt meir folkerike kommunar.

— Arbeidsmengda er der uansett. Det let seg ikkje gjere å fylle vervet på ein forsvarleg måte hvis ein kun skal jobbe deltid, sier Austad.

Fleire av ordføraren har hatt ein kraftig lønnsauke dei siste to åra. Likningstala viser at Torill Rolstad Larsen (Ap) i Arendal har hatt ein auke på 100.000 kroner. Ordførar Torhild Bransdal (KrF) i Vennesla tente 200.000 meir i 2008 samanlikna med 2006. I fjor var det like vel Bykle-ordførar Kay Jeiskelid (H) som kunne heve den klart høgaste løna. Han hadde ei netto inntekt på 2,8 millionar. Det er to millionar over andremann på lista som er ordførar Arne Thomassen (H) i Lillesand.