VALLE: Ein stad langt der inne på fjellet visste vi at det var snø. Bommen var nemleg framleis låst ved Myklevatnet, og det tyda på at vegen over fjellet ikkje var ferdig brøyta. Så det var berre å legge i veg til fots innover i Setesdalsheiane. På leiting etter skiføre. Markus Oma frå Evje, som alltid er ute i siste liten, hadde enno ikkje vore på skitur i år. Han var derfor innstilt på å gå adskillege kilometer på asfaltert veg for å få skiføre. Optimismen kom godt med. Sist vi var på skitur i mai, kunne vi gå frå parkeringsplassen på Brokke. Denne gongen måtte vi køyre forbi snuplassen og nesten ei mil inn over fjellet. Så gjekk vi ein time langs vegen. Og inne ved Kvislevatnet, nokre kilometer frå Øyuvsbu, byrja det som var igjen av skiføret.Vegen over fjellet er lagt slik at den går gjennom dei mest snørike områda. Så det var berre å følgje vegen for å finne snøen.Ein har gjerne fjellet for seg sjølv på denne tida av året. Denne forma for friluftsliv er nemleg for spesielt interesserte. Slike som trives best etter at turistforeninga har henta inn kvistane. Og før fotfolket legg i veg på hytte-til-hytte-tur.Vi nådde ikkje Øyuvsbu denne gongen. Men vi fekk gått på det som var igjen av vinteren 2004. Det er ei slags trøyst i det og.Dessutan er det ikkje lenge til det første snøfallet i november. Seks månader utan skitur bør vi kunne tåle.