VALLE: Godt med alt som er gjort unna, synest å vere mottoet når Valle Mållag no sender ut invitasjon til opning av internettprogrammet «Talemålet i Valle og Hylestad» torsdag 13. oktober i Valle kommunehus.Mållaget har no sendt ut invitasjonar til ymse personar og medier — mellom anna Fædrelandsvennen. Av programmet går det fram at det vert servert tradisjonskost. Det er av omsyn til denne serveringa at Valle Mållag i mai ber om svarfrist 20. september.Mållaget trur det vil verte stor interesse for internettprogrammet.Til no er 4700 ord og uttrykk registrerte. 700 av desse er komplett utfylte med alle detaljar.Programmet inneheld ein innleiande del, med mellom anna bakgrunnsstoff om ordklassane og om ulikskapar mellom målføra i Valle og Hylestad.Orda har fått sitt eige detaljbilete. Her er informasjon om ordklasse, alle bøyingsformer, forklåring og døme på bruk i setning. Detaljbiletet har lydfil, slik at ein får høyre uttalen. Mange av orda har i tillegg fotografi eller skisse.Nyansane i uttalen av vokalane får den spanande internettsida fram skriftleg med hjelp av aksentar.Dei mange linkane i programmet skal gjere det lettvint å skaffe seg informasjon om nærskylde ord.Det vert også kulturelle innslag under opninga av internettprogrammet «Talemålet i Valle og Hylestad,» skriv Sigurd Brokke i Valle Mållag i invitasjonen. Han er sjølv Landskappleikvinnar på munnharpe.