EVJE OG HORNNES MOISUND— Vi har halde på i fem år no, hatt 43.000 klikk sidan november, og vi veks stadig! Dataansvarleg og reportar Odd Helge Liestøl smiler breidt medan skribent og målingsekspert Øystein Moi hevar konjakkglaset. For han er det like lett å sette ord på nyhende og galskap i Evje og Hornnes, ja resten av verda med, som å skrive jolekort.Eit av punkta på sakskartet under redaksjonsmøtet er om dei skal slutte å ta seg betalt for annonsene i konjakk. Annonsene er i ferd med å sprenge alle rammer.- Vi kan ikkje drikke oss i hel på konjakk, seier Moi med sitt sedvanlege skråblikk.Moisund.com byrja med at Øystein trong ei heiemside for å marknadsføre eit tomteprosjekt mellom riksveg 9 og Otra. Men han måtte «leike» med nyhenda også. I dag har dei 900 unike brukarar i veka og jamvel Fædrelandsvennen og Setesdølen har saksa dei stundom.Den kvelden Fædrelandsvennen vitja moisund.com, laga dei mellom anna fotoreportasje frå ei «munter» 1. mai-feiring på Evje. Dei førebudde og ein reportasje om den fyrste softis-maskina i Hornnes nokon gong, som no settast opp på Kilefjorden camping. Ei reportasjetur til Åseral vart og førebudd: «uendeleg med stoff å få tak i der».Bygdebladet for dalstroka innanfor vert oppdatera kvar dag. Alt er på dugnad.JOHS. BJØRKELI