BYKLE: I 1937 kjøpte besteforeldrene til Ragnhild Bjåen, det gamle sveitsarhotellet frå 1884 i Børte i Vest-Telemark.

I 1939 vart det sett opp på Bjåen og så kunne ei ny soge i fjellturismen begynne.

Heilt opp til våre dagar har det vore gjester i det særmerkte hotellet der heieliv, jakt, fangst, fiske og god mat har vore det det har dreid seg om.

Dei siste 10 åra har det ikkje vore fast drift på Bjåen Fjellstove. Men det vil Ragnhild gjere noko med. Tradisjonane etter besteforeldra Aslak og Ingebjørg Bjåen skal takast opp att. Her skal folk kunne samlast i eit av dei ekte, norske trehotella frå den gong engelske lordar, doktrar, knappestøparar, lærar og «nikkersadelen» frekventerte hei og fjell.

— Visjonen min er at Bjåen Fjellstove og garden skal verta ein stad som gjev opplevingar og formidlar kunnskap om lokal kultur og natur, seier Ragnhild Bjåen med utdanning både miljøvitskap og mattradisjonar.

Dei gamle gjestebøkene som ligg i daglegstova er fulle av historie. Her kan ein mellom anna lese om herrane Bjørndal og Torkildsen frå Kristiansand som kvart år gjekk over Hardangervidda med Bjåen som start eller endestasjon. Dei vart allstødt uvener og kom aldri heim på same tid. Vi kan og lese om Anders Lange som kvar haust jakta rjupe og om mange andre turistar.

Ragnhild Bjåen satsar både på god mat, trivlegt miljø og kulturopplevingar. Det er framleis plassar att til kulturhelga 23. til 25. november når kvedaren Ingvill Buen Garnås skal halde kvedarkurs og Ragnhild sjølv skal syne gjestene rundt på Bjåen, staden der turismen øvst i Setesdal starta.