BYKLE: Tor Mosdøl får prisen fordi han har vore eit godt førebilete i måten han har drive heimgarden og Byklestøylene på i mange år, skriv Fylkesmannen i Aust-Agder på sine heimesider.

Mosdøl har hatt vel 130 vinterfôra sauer. Fôret til sauene har han hausta frå engene på eigedomane sine. Mykje av slåttearbeidet har gått utan maskinhjelp. Enga har eit biologisk mangfald med mellom anna mykje solblom. Dette mangfaldet er avhengig av at areala vert slått kvart år.

Mosdøl får også ros for godt vedlikehald av bygningane han eig. Alle desse er godt vedlikehaldne eller sette i stand på ein svært god og kulturhistorisk rett måte, meiner kulturlandskapsgruppa i Aust-Agder, som står bak prisen.

I tillegg til bondeyrket, har Mosdøl også vore lærar. Her har han gjort en viktig jobb som tradisjonsberar. Elevane har mellom anna vore med på slakting og tørking av sauekjøt, og dei har male korn på den gamle, vassdrivne kverna.

Kulturlandskapsprisen vart delt ut under messa Naturligvis på Evje.