— Vi har hatt ute eit anbod. Fristen for å sende tilbod er før påske, seier prosjektleiar Geir Skjevrak.

For hyttefolk med elbil blir dette som ei ny verd

Målet er å ha fire fullverdige ladestasjonar klare til sommarferien, ein i Evje, ein i Bygland, ein i Valle og ein i Bykle. Men blir stasjonane dyrare enn tenkt, blir det berre bygd på Evje og i Bykle i første omgang.

Nok av straum

Straum har Setesdal nok av, og Setesdal regionråd er oppteke av å nytte noko av den til ei stor elbilsatsing. Noreg er i ferd med å bli eit elbil-land.

— Det blir hurtigstasjoner som kan nyttast av alle biltypar, seier Skjevrak.

Politikarane i regionrådet vil også gje tilskot til private som ønsker å bygge mindre ladepunkt, til dømes kafeer og butikkar. Desse kjem i tillegg til dei fire store stasjonane.

— For hyttefolk med elbil blir dette som ei ny verd, seier Skjevrak.

Grønt reiseliv

Han legg til at Setesdal nå også kan marknadsføre seg betre innan grønt reiseliv.

— Skal vi ta klima på alvor, må vi kutte bruken av olje der vi kan. Då er det naturleg å bygge ladestasjonar slik at mest mogleg av biltrafikken i dalen kan gå på straum, seier Skjevrak.

Mange ved kysten eig elbil, men må la han stå heime når dei skal over 20 mil til hytta på Hovden. I framtida blir ikkje det noko problem. Ladestasjonane gjer det også mogleg for europeiske elbil-turistar å vitje Setesdal.

— Ladepunkta skal stå i sentrum der folk handlar. Snart kan folk ta elbilen, lade han medan dei handlar, og så køyre vidare. Det skal gå like fort å køyre elbil som annan bil opp og ned dalen, seier Skjevrak.

I Kristiansand kjem også stadig fleire ladestasjonar