BYGLAND: — Vi er klar til å ta imot Lyngdal jordbruksskole, seier ordførar i Bygland, Knut Austad.I går vart det klart at Bygland kommune får den nedlagde skogskulen gratis frå Aust-Agder fylkeskommune. Det bestemte fylkestinget i Aust-Agder med 21 mot 14 stemmer. Dette vil i praksis seie at Lyngdal jordbruksskole er eit langt steg nærare målet, som er ny drift på skogskulen med 70 elevplassar og 10 til 15 tilsette.Fylkeskommunen har lenge vore skeptisk til planane frå Lyngdal jordbruksskole. Nå slepp dei å ta stilling til den nye privatskulen ved å overlate heile eigedomen til Bygland kommune. Dei er langt meir positive til at Lyngdal etablerer seg på den nedlagde skulen.Men trass i at Lyngdal jordbruksskole får overta skogskulen gratis, manglar dei framleis tre millionar kroner som dei treng til investeringar på skulen. Lyngdal har basert seg på å få desse pengane frå fylkeskommune og kommune.- Vi er innstilte på å få til ei løysing på det, seier Austad.Det såg lenge ut til at Lyngdal jordbruksskole måtte sjå langt etter Bygland Skogskule. Fylkeskommunen var ikkje berre skeptisk til at dei skulle få den gratis. Fleire fylkespolitikarar likte heller ikkje at skulen kravde å få opprette dei fagtilboda dei ville.