BYGLAND: — I år har vi fleire søkarar med både utdanning og praksis. Det har ikkje alltid vore slik, seier skulesjef i Bygland, Bjørnar Soltveit.På den kombinerte barne- og ungdomsskulen på Bygland har det vore 13 søkarar til ei lærarstilling. Tidlegare har talet på søkarar ofte vore nede i fem.I andre utkantkommunar er situasjonen den same som i Bygland. Både i Hægebostad og Åseral har det i år vore fleire søkarar til ledige lærarstillingar enn det som er vanleg.Grunnen til at det er blitt fleire stillingar er truleg den såkalla Skulepakke 2 som kom i samband med lønnsoppgjeret i fjor. Den går ut på at lærarar nå må jobbe 1,5 timar meir i veka mot at dei får høgre lønn. Skulane kan difor klare seg med færre lærarar enn før.Auken i søknader har også ført til at lærarane som får jobb er betre kvalifiserte enn før. Medan det tidlegare var mogleg å få jobb som lærarvikar i distrikta med kun vidaregåande skule, er det blitt mykje vanskelegare no.- Tidlegare hadde mange av søkarane berre litt utdanning eller så hadde dei ikkje utdanning i det heile tatt. No har vi fått fleire med adjunktutdanning og erfaring, seier skulesjef i Åseral, Oddmund Ljosland.Åseral kommune hadde 25 søkarar då dei i vinter søkte etter lærarar. Hos Aetat er det for tida kun registrert 12 ledige lærarstillingar i Agder. Overskotet på lærarar merkast best i Kristiansand. Fungerande distriktsarbeidssjef i Kristiansand, Stein Reisænen, opplever at stadig fleire arbeidsledige lærarar melder seg på arbeidskontoret for å få jobb.- I mange samtaler har eg prøvd å sei at det fins ledige stillingar utanfor Kristiansand. Men det virkar som om enkelte av lærarane er tilfredse med å gå her som vikarar, seier Reisænen.