— For meg var ikkje dette ei viktig sak, men det var det for dei som vann. Eg forstår at dei er nøgde, seier Dag Hovden frå Arbeiderpartiet.

- Mister kvalifiserte søkjarar

Det var Hovden som gjorde framlegg om å gjere Bykle til ein språknøytral kommune. Grunngjevinga var at mange sakshandsamarar i kommunen slit med å skrive nynorsk. I tillegg meiner Hovden at Bykle mister mange kvalifiserte søkjarar til stillingar i kommunen som følgje av språkbarrierer.

Men berre tre representantar i kommunestyret gjekk inn for rådmannens framlegg om å gjere administrasjonsspråket i kommunen nøytralt. Dei to andre var Bjørn Einar Andersen (Høgre) og Lars Erik Domaas. (Ap) Fleirtalet med ti røyster gjekk sigrande ut av voteringa.

Ordføraren snudde

Ordførar Jon-Rolf Næss kjempa lenge for å gjere administrasjonsspråket i kommunen nøytralt, men snudde i saka like før kommunestyret.

— Det gjorde eg av respekt for argumenta som har kome fram dei siste vekene. Eg har forstått at målfolket knyttar identitet, historiske liner og andre verdiar til nynorsken. Argumenta er overtydande, velmeinande og reelle. Dessutan har bokmålssida glimra med sitt fråvære, seier Næss.

Utan å kunne dokumentere det, er han overtydd om at fleirtalet i kommunen skriv bokmål, og at talet på nynorskspråklege går ned i takt med tilflyttinga.

— Eg meiner framleis at det beste for Bykle ville vore å gjere språket nøytralt, men vedtaket er inga krise for oss. Vi har klart å rekruttere dyktige medarbeidarar til nå, og skal klare det i hundre år til, seier Næss.

Dag Hovden meiner på si side at nynorsken kan hindre dei best kvalifiserte i å søke stillingar i kommunen.

— Vi har ikkje undersøkt, men eg ser for meg at vi rekruterer tiltrengt arbeidskraft på ein langt smalere arena enn vi ville gjort med eit nøytralt administrasjonsspråk, seier han.

Smal sakshandsaming

Varaordførar Tor Hallvard Mosdøl er svært nøgd med resultatet.

— Det var ei altfor grunn og smal sakhandsaming, og saka kom opp for raskt. Dessutan hadde den ikkje vore ute på høyring. Nynorsk handlar om identiteten og stadeigenheten i Setesdal. Vi meiner Bykle står seg best og skil seg mest ut med å bruke nynorsk. Går ein vekk frå nynorsk, gjer det eit heilt feil signal. Eg er veldig glad for at vi har politikarar i kommuen som emner å reflektere over folkeleg engasjement og argument. Det er eit posivit teikn, seier Mosdøl.

Han meiner det er feil å hevde at nynorsken gjer det vanskelig å rekruttere dyktige medarbeidarar.

— Hadde det vore dokumentert, så hadde ikkje eg vore vanskeleg å snu i denne saka, sier Mosdøl.