VALLE: Olav T. Nomeland raser mot politikarane i formannskapet i Valle som ikkje tillet å frådele tomt på den verneverdige garden Nomeland til bygningsvern.I eit kvasst brev til Valle kommune krev Olav T. Nomeland at vedtaket der familien vart nekta å frådele 10-12 mål av farsgarden vert kjent ugyldig.Nomeland vil nytte ein million kroner av eigne midlar for å restaurere det gamle setesdalstunet som kommunen i 2003 nekta han å rive. Grunngjevinga bak rivingsnekten er at garden er verneverdig.Vernetanken hjå politikarane i Valle stikk likevel ikkje så djupt som landbrukspolitikk. I formannskapet den 22. april la Kristeleg Folkepartis Pål Dale fram framlegg til vedtak: «Formannskapet går i mot å frådele 12 dekar med påståande bygningsmasse på garden då eigar av denne parsellen vert, etter eige utsagn, eigar til heile bruket. Ein konsekvens av dette vert ei utholing av buplikta og verdifastsetjinga på eigedomen.» «Monumental vankunne»

Olav T. Nomeland skriv at Valle-politikarane i denne saka bryt alminnelege sakshandsamingsreglar ved å legge til grunn eit openbart feilaktig grunnlag, og så legge dette merkverdige grunnlaget til grunn for realitetsavgjerda i saka. Formannskapet har i følge Nomeland tolka saka heilt feil. Han skriv at «etter vanleg lesing betyr første setning at den som eig denne parsellen automatisk vert eigar til heile bruket. Ei slik monumental vankunne er eg ikkje i stand til tenkje meg at rår i heimbygda mi etter kontakt med ein kompetent og ikkje minst venleg kommuneadministrasjon.» «Ugyldig»

Vidare skriv Nomeland at han vonar formannsskapet heller ikkje trur han har uttrykt så meiningslause oppfatningar.«Då er vedtaket grensande mot å vere injurierande. Ein hommbyggje er i Gamalt or Setesdal karakterisera med «å ha så stutt og nubbi a forstand.» Eg vonar at det i moderne tid ikkje gjeld heile formannsskapet. Dersom vedtaket tyder det som faktisk står der, er vedtaket i alle fall ugyldig», skriv Olav T. Nomeland.Nomeland strekar under at det aldri er sagt at det er han som skal eige heile garden i framtida. Det er ikkje avgjort.— Meiner Pål Dale og resten av formannskapet at den som eig 12 mål av ein gard på fleire tusen mål, eig heile garden? undrast Nomeland.Nomeland krev at vedtaket vert kjent ugyldig etter forvaltningslova sidan det inneheld feil som har «virket bestemmende på vedtakets innhold.»Om formannskapet ikkje gjer det, klagar Nomeland uansett på realiteten i vedtaket og krev eit vedtak i tråd med innstillinga frå rådmannen i møtet den 22. april.«Til det neste møtet vil eg setje pris på om i alle fall eit medlem i formannskapet vil lese det eg og administrasjonen har skrive. Eg trur det vil lette saksgangen for alle partar,» skriv Olav T. Nomeland.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no