VALLE: Ho dreg litt på det, Petra Homme, når Fædrelandsvennen ber om å få smake korleis ho lagar nepespa til jol. Vi må hugse på at det ikkje finst bare ein rett måte å lage nepespa på Det er mange rette måtar å lage denne jolemiddagen, basera på nepe — eller på kålrot som byfolk vil kalle denne C-vitaminrike rota som alle dyrka på gardane i Setesdal før i tida.I år har Petra kjøpt nepa på Valle Handel.Der har ho og henta fisken som er ein viktig ingrediens i nepespa. Før i tida henta mannen hennar, svograne og svigerfar hennar jolefisken i Fidbekkvatnet eller ved Guldborgstøylen.- Men regnbogeauren er fin den og, seier sjubarnsmor Petra Homme og reinskar fisken så fort at kameraet mest ikkje klarar å følge med.Ein annan viktig bit i Petra Homme sitt nepespa er røykt sauekjøt. Det har sonen, Gunnar, røykt fram i røykstoga hos grannen på Løyland.Nepe, fisk og kjøt - det vert nepespa, det. Til dette et ein lefse. Den har Petra bakt sjølv. God gamaldags lefse, laga av kokte jordeple, kveitemjøl, smør og mjølk.Det duftar godt i det pynta kjøkkenet heime hos Petra i Uppigard Homme i Valle. Ute ligg jolesnøen og glitrar i middagssola. Frå vindauget i stoga ser ho over til Nomeland i Valle, garden ho drog frå for 54 år sidan då ho gifte seg med Tor Bjørgulvson Homme.Ho tok med seg sin variant av nepespa då ho kom til Homme. I den eine enden av huset der ungfolket til Petra hadde stoge, lukta det både av fisk og røkt kjøt jolekvelden og nyårskvelden. Dei gamle heldt på skikken i Uppigard - nepespa bare på fisk.- Det var dei nye konene som kom med dei nye ideane, smiler Petra. Og nye idear slo an i Uppigard. Petra minnest svigermor si med stor glede.- Det var ikkje ein dag på himmelen utan at me var i hop. Me var gode vener i alle dei 40 åra me fekk saman. Det går ikkje ein dag utan at eg tenker på ho Birgit, seier Petra Homme.Ho minnest også den milde måten som svigermor styrde på.- Mannen er hovudet, ja vel - men me er halsen, sa svigermor, fortel Petra.