VALLE : — Sjå på desse fine, gamle restaurerte vindauga, smiler leiar for plan- og utviklingsavdelinga i Valle, Torgeir Haugaa. Han lar handa gli over dei eldgamle glasrutene i nystog Heimigard Berg.Bak miksen av nye og gamle plankar ligg det og ein eldre del - den grovtømra røykstoga frå 1500 - eller tidleg 1600-talet.I sommar har Valle kommunes ofte omtalte restaureringsprosjekt i Heimigard Berg fått ein ny giv. Det skuldast at kommunen i 2004 endeleg fann rom for 100.000 kroner til føremålet. Dette har kome godt med. Kopi av dør

— No kan vi sjå vinteren trygt i møte, no som bygningen snart er tett, seier Haugaa. Bare døra manglar på det.Korleis døra på Heimigard Berg har sett ut, er det lite dokumentasjon på. Ho forsvann på forunderleg vis for mange år sidan. Etterkvart sto bygningen til nedfalls med vekslande forsøk på å berge han til 1998 då Valle kommune gjekk inn i prosjektet.Restaureringsarbeidar Anders Dalsegg i Bygland har saman med kulturvernkonsulent Ådne Sollid funne fram til korleis døra kan ha sett ut. Ein kopi av denne vert snart sett inn. Den er Dalsegg meister for, akkurat som ytterkledningen med profilerte bord.- Det var ikkje mykje av den gamle kledningen vi kunne bruke, men heldigvis nok til at vi framleis kan sjå korleis han ser ut, seier Haugaa. Mykje arbeid att

Innvendig er det mykje som manglar før Heimigard Berg med nystog, røykstoge og loft i gedigent tømmer kan verte stasbygningen som alle ventar på skal reise seg frå tufta i Berg i Valle.- Vi treng pengar. Det vil eg gjere framlegg om i budsjettet for 2005, seier Haugaa. Då er det loftet som står for tur, deretter andre høgda i heile bygget, pipe, første etasje og mykje, mykje meir.Det er alt nytta store offentlege midlar til restaureringa av Heimigard. I 1999 og 2000 vart det gjennomført restaureringskurs i tre fasar som omfatta nedtaking, restaurering og oppsetting. Kostnadsramma var på 2 millionar kroner. Staten, Riksantikvaren og Aust-Agder fylke dekka mesteparten av dette.Om to-tre år kan Heimigard Berg vere gjenreist i fordums prakt til glede for både kommune og Valle-innbyggarar som ønskjer ei spesiell ramme kring arrangement og festlige tilskipingar. johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no