VENNESLA: — Vennesla er nøytral som språkkommune, men i praksis er det nesten berre bokmål som blir nytta. Det synest eg vi skal endre på, og difor oppmodar eg nå alle tilsette som vil og føler dei kan, om å nytte nynorsk ofte, seier rådmann Svein Skisland til Fædrelandsvennen.

Krav frå mållaget

Bakgrunnen er eit brev frå årsmøtet i Vennesla dialekt- og mållag. Leiar i mållaget, Oddvar Moen, skriv at han har leita etter nynorsk

både i saksutgreiingar og på kommunen si heimeside, utan å finne eit einaste døme. På vegne av mållaget krev han at kommunen tek si språklege nøytralitetsline på alvor.

— Eg er einig i dette. Båe målformene bør nyttast i saksdokument og brev i og frå Vennesla kommune. Vi må sjølvsagt vere effektive. Difor vil eg ikkje pålegge nokon å skrive nynorsk. Eg vil heller ikkje innføre ei eigen nynorskkvote. Men eg vil oppmoda om meir nynorsk, og trur og vonar det vil hjelpe, seier rådmannen.

Nynorsk-mann

Sjølv nytta han nynorsk i småskulen og då han skreiv utgreiingar for Setesdal regionråd. Skisland vil ikkje svare på når første sak på nynorsk blir send frå hans eigen skrivepult.

— Vent og sjå. Det kan skje heilt plutseleg, humrar han.

Odd Arild Nordli har jobba i ulike posisjonar i kommunen i mange år – og alltid skrive bokmål. Han liker rådmannen si nye line.

— Eg vil gjerne skrive nynorsk av og til. Eg hadde nynorsk både på barneskulen og realskulen. Nynorsk er jo eit mykje vakrare språk enn bokmål, seier han.