VALLE: Takka vere økonomisk hjelp frå kommune og utbyggingsselskap, har Brokke Skianlegg kunne investere i nye anlegg dei siste åra. I tillegg har dei blitt berga frå konkurs.

No vil Valle kommune ut av det kommunale selskapet som har vore eit tapsprosjekt for kommunen, og har inngått ein avtale med utbyggingsselskapa i Brokke for å få dei til å ta over.

— Vi synes dette er ein god og leveleg avtale. Dei ulike aktørane stiller opp kvar på sin måte for å få til ei sunn drift av anlegget, seier Tarald Myrum (Sp), ordførar i Valle.

Fleire tilskot

Avtalen skal no godkjennast av politikarane i Valle der det har vore stemning for å kvitte seg med skianlegget. Ifølgje ein oversikt frå Valle kommune, har dei gått inn med 15 millionar i anlegget sidan starten.

Valle kommune har for det første gått inn med 1,5 millionar i aksjekapital. I tillegg kjem 12,5 millionar i ulike tilskot og omlag ein million i lån som ikkje er innfridd.

Når Brokke Skianlegg no får nye eigarar, blir også denne gjeldsbøra betydeleg lettare. Avtalen går nemleg ut på følgjande:

• Valle kommune innfrir to lån til Brokke Skianlegg på til saman 1.190.000 kroner.

• Valle kommune sel 1500 aksjar for ei krone stykket. Til saman 1500 kroner. Aksjene er pålydande 1,5 millionar til saman.

• Valle kommune innfrir eit lån på 4,5 millionar til Brokke Skianlegg. Dette skal betalast tilbake gjennom utbyggingsavtaler. Det vil seie at utbyggingsselskapa som no overtar skianlegget, betalar ein viss sum til kommunen for kvar tomt som vert seld.

Dei nye eigarane overtar med andre ord gammal gjeld. I tillegg forpliktar dei seg til å gå inn med to millionari eigenkapital i driftsselskapet Brokke Alpinsenter.

- God avtale

Rådmann Eivind Berg tilrår politikarane å godta avtalen som no er klar.

— Dette betyr at vi er heilt ute av Brokke. Då blir dette ei verksemd på linje med alle andre i kommunen, seier Berg.

Han meiner avtalen alt i alt er god. Kommunen må ta eit tap på aksjekapital og gjeld, men på den andre sida treng dei ikkje lenger vere part i skianlegget.

— Det har vore viktig for kommunen å vere med å opprette denne verksemda. Men no er vi over i vanleg drift. Då er det meir naturleg å overlate eigarskap og drift til profesjonelle, seier Berg.

Det nye selskapet vil framleis ha ei gjeld til Valle kommune, og det er usikkert når den blir betalt tilbake.

— Det vil henge saman med talet på tomter som vert selt. Då Brokke vart bygd, dreia det seg om eit tresifra tal hytter, no er det tosifra. Vi får håpe at det kjem ein ny boom, men eg har ikkje den markanadskontakten som skal til for å seie noko om sjansane for at det slår til.

Verdt pengane

Sjølv om kommunen tek store tap, vil ikkje ordførar Tarald Myrum vere med på at satsinga har vore nokon fiasko.

— Hadde det vore private som hadde bygd opp dette, ville det uansett vore behov for at kommunen gjekk rimeleg tungt inn. Så eg meiner pengane er vel verdt det, iallfall om vi kan få til ei god drift.

Han meiner at anlegget kan samanliknast med annan infrastruktur som skiløyper og idrettshall, som også kan koste kommunen 15 millionar.

Vil sikre aktiviteten i Brokke

Dei nye eigarane av Brokke Skianlegg reknar ikkje med at anlegget blir god butikk. Men skianlegget er avgjerande for Brokke si framtid.

— Det som har vore viktig for både oss og kommunen er å få inn dei som er mest tent med at dette anlegget er i drift, og det er dei som sel tomter, sier Rolf Kaafjord, styreleiar i Brokke Eigedom.

Han peikar på at anlegget også er viktig for aktiviteten i bygda og for lokalt næringsliv.

Sjølv om dei to utbyggingsselskapa overtar Brokke Skianlegg for ein symbolsk sum, forpliktar dei seg samstundes til å gå inn med eigenkapital i eit nytt, fusjonert selskap. I tillegg har begge selskapa allereie brukt fleire millionar på å bygge opp skianlegget.

— Vi går inn og forpliktar oss til å drive dette vidare fordi dette er infrastruktur som er avgjerande for destinasjonen, seier Kaafjord.