NORSKFAGET | Regjeringa vil i stortingsmeldinga, «Kultur for læring», ta det fyrste steget for å fjerne eksamen i sidemålet. Regjeringa vil ta bort den skriftlege eksamen i nynorsk i ungdomsskulen. Ho vil også gjere nynorsk til såkalla trekkfag i den vidaregåande skulen. Ved å gjere dette vil ein rive vekk grunnlaget for sidemålet og bokmålet som jamstelte målformer. Eg snakkar her om nynorsk. Ved å ta bort eksamen og karakterar vil motivasjon og status for nynorsk minke enda meir.Jamstellinga vil sjølvsagt svekke nynorsken. Eg trur dette eigentleg er meininga etter press frå grupper i hovudstaden. Det seiast at alternative metodar skal styrkje den nynorske kulturen. Det trur eg ikkje noko på. Nynorsken sin stilling i Norge vil bli redusert til eit språk for spesielt interesserte. Det vil kan hende bli eit regionspråk. Kva med å kunne skrive nynorsk i offentleg teneste?Den norske skulen skal kvalitetsvurderast. Dersom ikkje nynorsken er med her, vil han bli nedprioritert. Det er det ikkje tvil om.Jamstellingsvedtaket er frå 1885. Det har vore verna av lovar og reglar. Den nynorske skriftkulturen har såleis kontinuerlig utvekla seg til ein etterkvart meir tidhøveleg nynorsk.Det kulturelle mangfaldet i Norge gjer at nynorsken må takast vare på. Per Egil Hegge i Aftenposten skriv 26. mars fylgjande: «De som ikke vil lære nynorsk, stenger seg helt ute fra sentrale deler av norsk historie». Kan det seiast betre? Norskfaget er eit fag med både nynorsk og bokmål. Dette bør Regjeringa skjøne er «Kultur for læring».Knut HaslerudKristiansand