VALLE: — Eg trur ikkje det er nokon som er i mot scooterkøyring her. Jau, SV kan hende, men dei har vi vel ikkje i Valle, seier Vidar Helle, nestleiar i Hylestad scooterklubb og innehavar av Hylestad Auto.

— Er dei i mot scooter, vert dei kjeppjaga ut herfrå, seier kollega Olav Rysstad.

Forbod.

Diskusjonane har vore heftige etter at direktoratet frå naturforvaltning (DN) føreslo å forby fritidskøyring på snøscooter. I scooterbygda Valle, er eit liv utan scooter utenkjeleg. Dei to kollegane på Hylestad Auto vil ikkje høyre snakk om det. Helle har ein heil garasje full av skinande scooterar som er klar for snø og hei. Han har godt over 100 medlemmer i scooterklubben.

— Forslaget om å førebu scooterkøyring tykkjer eg er heilt horribelt. Det høyrer ikkje heime nokon plass, seier Helle, som står på 16. plass på Høgre si liste i Valle. Listefyll, seier han sjølv.

— Kvifor er scooter så viktig?

  • Det er ei av dei få fritidssyslane ungdommen har. Dei kan jo prøve å ta båtane frå folk på kysten og sjå kva som skjer då, rasar Helle. Han seier bygdefolket kjenner seg urettferdig behandla. Bøtene er høge og reglane strenge for kvar ein har lov til å køyre.

— Kvifor er det alltid dei frå bygda det skal gå ut over? Politikarane veit ikkje korleis ein scooter fungerer ein gong.

Miljø.

— Men det er ikkje bra for miljøet med scooterkøyring?

Helle fnyser. - Dei burde heller byrje på toppen. Ein reddar ikkje verda med å førebu scooter. Det forureinar faktisk ikkje så mykje samanlikna med til dømes fly, meiner han.

Bygdekultur.

Senterpartipolitikar Ragnhild Nomeland (19) går for tida på lærarskulen i Kristiansand. Men når ho er ferdig skal ho heim att til Valle. Der skal ho byggje og bu.

— Fordi eg liker bygdekulturen, det at ein kjenner folk og slår av ein prat når ein treff kvarandre, seier Nomeland. Ho meiner scooterkøyring er ein viktig del av kulturen i Valle.

— Ein veks opp med det frå ein er liten. Det er mange som lever av scooter. Sal, reperasjon og formidling. Dessutan er det viktig for ungdom. Det er ikkje spørsmål om kva ein skal i vinterferien eller påskeferien. Då er det scooterkøyring som gjeld, seier ho.

Nomeland meiner reglane som regulerer scooternytte er strenge nok som dei er.

— Litt valdsamt å forby køyring. Eg trur dette vert veldig viktig i valet, seier ho.