PENGESURR | Under overskrifta «Gudshus for fall i Bygland?» skriv Fædrelandsvennen tysdag 27. april 2004: «Bygland kommune bruker i år 1.025.000 kroner av egne midler til alle kirkebyggene sine».Det heiter vidare i artikkelen:«Av staten får kommunen 139.000 kroner, 38.000 kroner mindre enn i 2001, da tilskuddet begynte å synke.»Det korrekte er at Bygland kommune får rammeoverføringar frå staten, m.a. fordi kommunen også har ansvar for drifta av kyrkjene. Av dei statlege overføringane løyvde kommunen i budsjettet for i år 750.000 kroner til kyrkjedrifta. Dette dreiar seg altså om sjølve drifta av kyrkjeseksjonen og går m.a. til løner til tilsette. I tillegg yter kommunen drifts— og vedlikehaldstenester for omtrent 275.000 kroner i år. Dette er arbeid direkte knytta til arbeid på kyrkjegardane.Til vedlikehald av kyrkjebygg i Bygland vart det nytta omtrent 10.000 kroner i fjor. Året før vart Årdal kyrkje i Grendi pussa opp og restaurert for 140.000 kroner.Etter mi meining er det heller ikkje rett at kyrkjene i Bygland «er lappet sammen og skriker etter vedlikehold». Realiteten er vel heller at kyrkjene i Bygland i dag er i god stand takka vere ein klok og langsiktig politikk frå Bygland kommune si side, i tillegg til betydeleg dugnadsinnsats og testamentariske gåver. Det siste er kanskje eit vink om at det er mange i Bygland som set pris på kyrkjene sine.Sjølv om det kunne ha vore ein god historie at Bygland bruker over en million kroner i året å kyrkjebygga sine, er det altså ikkje sant.Aud Åsen Haugsgjerdkyrkjeverje i Bygland