EssayTittel: BastardForfattar: Lars Ove SeljestadForlag: Cappelen5Det er ikkje berre Odd Nordstoga som lengtar «heim te mor»!Det er forunderleg med oss nordmenn, vi bryt aldri skikkelig opp. Folk som har budd Kristiansand mest heile livet, kan ikkje presentere seg utan å fortelje kor dei eigentleg er frå. Sjølvsagt har dette med identitet å gjere. Etterkrigsgenerasjonen hadde val mellom å bli i heimbygda, på industristaden eller reise ut i den vide verda. Sosiologen og forfattaren Lars Ove Seljestad var mellom dei som fòr ut og fekk seg høgare utdanning. I det lange essayet Bastard reflekterer han over korleis det har vore å foreta denne reisa, klassereisa. Han braut opp frå ein familie som hadde vore arbeidsfolk i dei store industrianlegga i Odda i fleire generasjonar.Seljestad, 45 år gammal, debuterte i fjor med romanen Blind. Som Sauda har sin Kjartan Fløgstad, har Odda etter kvart fleire forfattarar som bruker litteraturen for å arbeide med og reflektere over dei små industrisamfunnas plass i norsk historie og mentalitet. Frode Grytten er vel den mest kjendeSeljestad har røynt det så mange utflyttarar har, dei kom attende til sine eigne etter ei tid, men dei kjende seg ikkje heime og dei blei ikkje gjenkjende. Ein steig inn i si gamle verd som framand. Sosialt, kulturelt, intellektuelt, verdimessig og på mest alle andre måtar var det endringa som blei mest synleg, ikkje det som ennå var likt. Ein var bastarden. Der låg òg smerten.Med dette essayet fører Seljestad vidare den debatten som starta med Blind. Han gjer det på ein klok og lågmælt måte. Når han les frå boka si for faren på dødsleiet, er det for å fortelje at han trass i klassereisa ikkje er klassesvikar. Han har vore der, han veit, noko ligg alltid attendeDifor er så mange kristiansandarar frå dei indre bygder.Alf Kjetil Igland