Her ligg «Bergensfjord» side om side med søsterskipet «Stavangerfjord» i Hirtshals for siste finpuss før dåpen i Bergen 6. mars, skriver Bergens Tidende.

— Turen gjekk fint frå verftet i Trøndelag og ned til Danmark. Alt det tekniske er i orden, no står berre finpuss av interiøret og opplæring av tilsette att før «Bergensfjord» går inn i rute frå 9. mars, seier administrerande direktør Ingvald Fardal i Fjord Line.

Dei to søsterskipa skulle ha seilt til og frå Kristiansand. Men etter konflikten med Kristiansand Havn satsa rederiet på Langesund som norsk havn i tillegg til Stavanger og Bergen.

Før revidert plan

Medan «Stavangerfjord» kom eit par månader forseinka i fart i fjor sommar, går heilt identiske «Bergensfjord» inn i ruta Bergen-Stavanger-Langesund-Hirtshals nesten ein månad før den reviderte planen som blei lagt etter at verftet Bergen Group Fosen ikkje greidde den først avtalte overleveringa i oktober i fjor.

Når «Bergensfjord» legg ut frå kai i Risavika ved Stavanger med sine første passasjerar søndag 9. mars, går «Stavangerfjord» i dokk for årskontroll. 17. mars er dei begge på plass i Danmark-ruta.

— Fram til sommaren vil det vera avgang frå Bergen seks dagar i veka. Når røyrleidningen for gassbunkring er på plass i Risavika etter ferien, vil den eine eller den andre båten bli å sjå kvar einaste dag i Bergen, seier Ingvald Fardal.

90 prosent dansk

Det er no investeringa på rundt to milliardar kroner i topp moderne gassferjer skal ta til å forrenta seg for det norskeigde reiarlaget som seglar under dansk flagg med rundt 90 prosent dansk mannskap grunna EUs nettolønsordning.

Ifølgje Fjord Line-sjef Fardal er bookingane for sommarsesongen lovande. I tillegg har samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sagt at «Stavangerfjord» og «Bergensfjord» skal få lov til å frakta trailerar mellom Stavanger og Bergen. Det er kapasitet til opp mot 100 trailerar dagleg mellom dei to byane, noko som Stavanger Aftenblad har rekna ut vil gi Fjord Line nær 90 millionar kroner i auka årleg inntekt.

Avklarar sjåførmaten

Vi ventar på ei endeleg avklaring frå Toll- og avgiftsdirektoratet. Problemet er ikkje taxfree-butikken om bord, som alltid er stengt mellom Stavanger og Bergen. Det det kokar ned til er korleis vi skal ta inn momsen frå trailersjåførane som kjøper seg eit måltid avgiftsfri mat i restauranten, seier Ingvald Fardal på telefon frå «Bergensfjord».

Det er bergensordførar Trude Drevland som skal døypa MS «Bergensfjord» ved kai i Bergen torsdag 6.mars. I farvatnet Langenuen/Bjørnafjorden sør for Bergen vil nye «Bergensfjord» rett som det er passera Fjord1 si gassferje med samme namn som går i sambandet Halhjem-Sandvikvåg.