Setesdølen er blitt 40 år, og Sigurd Haugsgjerd har skrive det meste av innhaldet i avisa i alle år. Her er arkivet på loftet. Foto: Torstein Øen
Dei siste åra har også kona Aud Aasen Haugsgjerd arbeidd i avisa saman med Sigurd. Ho held styr på det meste. Foto: Torstein Øen
Anne Bygland har vore disponent sidan Sigurd Haugsgjerd kom Dei to kjøpte for nokre år sidan ut kommunane, og eig nå avisen saman. Denne veka heldt ho mest på med å ordne avissider til jubileumsveka. Det er hardt, men moro, å lage dagsavis for staben. Foto: Torstein Øen
- Eg har veldig respekt for det Sigurd har fått til, seier Ole Birger Lien, som har vore avisa sin einaste faste journalist dei siste 15 åra. Foto: Torstein Øen
For Setesdølen handler mykje om lokal politikk. Det har blitt nokre kommunestyre å halde styr på gjennom 40 år. Her er oversikt over dei nyaste. Foto: Torstein Øen

— Eg er så glad for at eg er like entusiastisk etter alle desse åra, seier Haugsgjerd.

Han sit, eller meir presist finn seg plass, mellom tusenvis av utklipp og brevbunker på kontoret sitt. Det minner mest om eit lager.

Mannen er avisa og avisa er mannen. Sjeldan har det stemt betre enn i høve Setesdølen og bladstyrar Sigurd Haugsgjerd. Foto: Torstein Øen

Neste veke kjem Setesdølen som dagsavis, for å hylle seg sjølv. Dei fem tilsette i det velste avishuset på Bygland jobbar seint og tidleg med å finne fram historisk stoff, og lage nytt. Haugsgjerd lovar eit godt oppslag kvar dag.40 år har gått sidan kommunane i dalen gjorde mediepolitikk til ei hovudsak og Setesdal massemediautval konkluderte med tre mål:

Dalen måtte få eiga lokalavis, NRK måtte overtydast til å opprette kontor på Evje og Fædrelandsvennen skulle overtalast til å nytte meir nynorsk.

— Framsynte politikarar lukkast både med mål ein og mål to. NRK-kontoret er diverre lagt ned igjen. Det einaste som står att er å få by-avisa til å nytte meir norsk, humrar Haugsgjerd bak bordet sitt.

Han kom til dalen som 24-åring i mars 1976. Nå er han 63. Heile tida mellom har han vore bladstyrar, berre avbrote av eit år som journalist i NRK Dagsnytt. — Løna vidareutdanning, kallar Haugsgjerd det året.

Ingenting som nyhende

Nå er han ei levande legende. Johs. Seland regjerte framleis Fædrelandsvennen då Haugsgjerd byrja i dalen. Bortsett frå ein Hjalmar Kielland i Akers Avis, er Haugsgjerd den som har vore bladstyrar lengst i landet, i følge Norsk redaktørforening.

Det er ikkje noko vits i å pakke inn i vatt og bomull.

— Eg gjekk i lære hjå legendariske Per Haaland i Gula Tidend i Bergen. Der lærte eg at ein spade helst skal kallast ein spade. Og det har eg freista å leve etter i Setesdølen. Det er ikkje noko vits i å pakke inn i vatt og bomull.

Han er kjend for å skrive både mildt og hardt, men folkeleg og rett fram. Fremst i røynda står nyhende.

- Eg har veldig respekt for det Sigurd har fått til, seier Ole Birger Lien, som har vore avisa sin einaste faste journalist dei siste 15 åra. Foto: Torstein Øen

— Ingenting er som nyhende. Å få lov til å fortelje lesarane om noko nytt som har skjedd. Det er og blir det aller viktigaste ein journalist kan gjere. Eg likar å meine, og eg likar å skrive leiarar, men ingenting er som å farte rundt i grend og bygd og finne nytt. Eg er blitt så glad i Setesdal.Sigurd Haugsgjerd blei fort glad i dalen, ikkje minst grunna språket. Han kallar dialekten for den vakraste musikk.

Det er like langt frå Moisund til Bjåen som frå Arendal til Flekkefjord. Kor mange hundre tusen kilometer Sigurd Haugsgjerd har køyrd sidan 1976 veit berre Vår Herre og kanskje ein på bensinstasjonen.

Kor mange han har prata med veit nok ingen av dei.

— Eg er truleg den einaste bladstyraren som ser det som ei oppgåve å fotografere alle konfirmantane i distriktet. Fleire sundager i mai kler eg meg i finstas og køyrer mellom kyrkjesokna, Folk liker å lese om kjenningar. Me kan vise fram ekte ungdom, medan VG må ty til kjendisar.

«Judasane»

— Kva angrer du mest på i alle desse åra?

— Nokon meiner eg er blitt rundare med åra. Eg seier både ja og nei til det. Eg vonar eg ikkje ser meir mellom fingrane med urett. På den andre sida, er det nokon oppslag som sikkert blei for harde. Eg tenkjer spesielt på eitt.

Det var fylkesutvalget i Aust-Agder som svikta eit skuletilbod i Setesdal. Då fann Haugsgjerd portrettbilete av heile bunten. Dei plasserte han på fyrstesida under tittelen: «Judasane».

— Då fekk eg refs frå sokneprest Raustøl som meinte eg måtte spare slikt bibelspråk til større hendingar, fortel Haugsgjerd.Internett er kome for å bli, men Haugsgjerd vil helst ikkje tenke for mykje på det.

Setesdølen har ingen planer om nettavis, sjølv om bladstyraren ser at framtida ikkje er papirvenleg. Slik svarar han på kvifor avisa hans har 4500 tingarar, fine overskot og botnsolid økonomi og ikkje merkar noko til lesarsvikten og annonsesvikten bransjen elles balar med.

Eg gjev ikkje vekk stoffet mitt gratis

— Eg gjev ikkje vekk stoffet mitt gratis. Eg veit at setesdøler er like moderne som andre mennesker. Noko må skje også hjå oss etterkvart, men eg trur lesarane av ei lokalavis liker stunda med kaffikopp og papiravis. Setesdølen er eit oppslagsverk som ligg framme i stovene heile veka.

Flyttar i hundrevis

For Haugsgjerd er det skrantande talet på setesdøler ei mykje mørkare sky enn den nye teknologien:

— Det budde over 1500 i både Valle og Bygland då eg kom. No bur det mindre enn 1300 i Bygland og same i Valle.

Framtida for dalen er bilkøen som køyrer til fjells torsdag ettermiddag. Den er lenger enn fredagskøen var for 30 år sidan

— Kva er då framtida?

— Framtida for dalen er bilkøen som køyrer til fjells torsdag ettermiddag. Den er lenger enn fredagskøen var for 30 år sidan. Byfolk og hyttefolk nyttar meir og meir tid i dalen, og då blir dei engasjerte i det som skjer. Turisme og fritid er framtida både for avisa og næringslivet og folket i dalen.

— Når me er inne på samfunnsutvikling, er det nokre politikarar som har imponert deg opp igjennom?

— Knut P. Sandnes i Bygland. Han var ein samfunnsbyggar. Ole Magne Omdal i Iveland hadde noko av same viljen til framgang. Dei er flinke på Evje. Men det går diverre ei grense ved Byglandsfjord-dammen i dag. Nord om dammen er fyrste spørsmålet alltid om kommunen kan gje tilskot. Der er så lite vilje til å skape, seier Sigurd Haugsgjerd.

Ein kommune

Han skulle gjerne sett dei fire setesdalskommunene slått saman.

— Det er noko med lik handsaming av alle. I småkommunane her oppe er du alltid søster, bror, eller onkel eller søskeborn til nokon. Og då kan søknaden om garasje eller tilskot bli handsama for mykje ut frå kven du er. Få seier noko utan å ha agenda. Dei fleste har alltid noko dei vil oppnå.

— Kvar opplever du deg minst velkomen som journalist i dalen?

Om folk har vore sinte på meg og lagt seg om kvelden som uven, skal dei vite at det aldri har vore gjensidig

— Om folk har vore sinte på meg og lagt seg om kvelden som uven, skal dei vite at det aldri har vore gjensidig. Eg har ikkje horn i sida til nokon. Eg har integritet og eg står for toleranse og mangfald. Avisa si rolle er å få fram dei mange stemmene. Eg er glad i folk.

Haugsgjerd seier at han framleis gler seg til kvar einaste arbeidsdag.

— Eg nyttar gjerne fredagskvelden med blokk og kamera på ei kulturhending. Eg trivst godt saman med folk. Det er berre moro å reise rundt tidleg og seint og referere.

Det vanskelege spørsmålet

Han gifta seg seint, i 1987, og har tre born. Kona Aud Aasen Haugsgjerd kallar mannen ein fantastisk lokalavisredaktør, sjølv om ho og ungane har venta mykje på han. To av borna har vore innom avisa.

Om dei vil ta over, gjenstår å sjå. Haugsgjerd skjønar at me spør, men han vil helst ikkje snakke om det vanskelege spørsmålet. Han vil i alle fall vente eit par år før han tenker meir på det.

— Journalistikk er det viktigaste eg veit. Folk må ha kunnskap for å forstå. Det er ein grunn til at statsrådar og regjeringsjefar vert utbrende så fort nå. Folk veit meir enn før - og krev meir. I dalen har eg freista å gje informasjon så folk kan forstå. Det er å bygge demokrati....

Da Haugsgjerd kom til dalen sa Osmund Faremo til han: «Dalen treng unge folk med nytt syn på bygdeutviklinga, og eg er sikker på at du greier det«

Sigurd Haugsgjerd har greid det og vel så det.