BYGLAND: — Intervjuet må vel gjerast på nynorsk?

— Ja, eg synest det. Fædrelandsvennen må ikkje gløyme at det finst område på Agder som framleis snakkar nynorsk eller har eit talemål som ligg tett opp til nynorsk. Eg synest dykk har vorte flinkare til å bruke nynorsk i seinare tid.

— På veggen har du eit bilete av «husguden» Ivar Aasen. Men det er ikkje noko strengt nynorsk du nyttar?

— Nei. Språk er musikk. Du skal høyre korleis det let. Ordboka er ikkje det viktigaste.

— Du har vore redaktør av Setesdølen i 37 år. Kva er det som driv deg?

— Eg føler at eg har det i blodet. At det er dette eg vil. Eg har vore slik sidan eg var ferdig på gymnaset. Eg gledar meg til kvar arbeidsdag. Eg elskar å formidle godt og gale, realitetane, i det spesielle dalføret som eg er vorte så glad i. Då eg var 10 år gamal, fekk eit såkalt trykkeri i jolegåve. Då gjorde eg meg til redaktør for husavisa heime, etter mal frå Fædrelandsvennen. Den fyrste ordentlege avisjobben eg fekk var i Gula Tidend då eg var 20 år.

— Kor kjem du frå?

— Eg er født i Hægebostad., men i 10 år av mitt liv budde eg på Stord.

— Korleis fekk du jobben som redaktør for Setesdølen?

— Avisa var nystifta den gongen. Setesdalskommunane eigde ho. Dei var på leiting etter ein redaktør til nynorskavisa Setesdølen og dei ringde opp redaktøren i Gula Tidend og spurde om han kjende nokon som kunne take den jobben. Eg vart spurd, og sidan eg hadde vore eit halvt år i militæret på Evjemoen, tenkte eg at eg kunne klare eit år her i Bygland. Det vart mykje meir, og det er eg glad for.

— Korleis er det å vere journalist og redaktør i eit lite miljø?

— Ein sa til meg at eg var blitt snillare etter at eg vart gift. Ein vert nok noko rundare i kantane med åra, og det kan vere eit tankekors. Men vanleg folkeskikk har vore rettesnora. Ein skal tåle å møte folk igjen.

— Har du eit liv på sida av journalistikken?

— Vi har eit småbruk i Grendi som eg gifta meg til. Her har vi eit tjugetals lam som hoppar og sprett. Det er den reine idyllen. Eg trur ikkje det går an å ønske seg noko meir enn det.

— Når vil du pensjonere deg?

— Eg snakkar lite om det. Eg er alt for glad i jobben til å tenke på det no.