— Dette er vi glade for! Desse pengane betyr at vi no kan sette i gang med prosjekta som planlagt, seier Leif Rygg (Sp), ordførar i Bygland.

Regjeringa skriv i statsbudsjettet at det er lagt til grunn at vidare utbygging inneber at det også blir gjeve lokalt tilskot. Men det er på plass og dermed blir det utbygging.

— Vi håpar dette inneber at regjeringa held fram med å følge opp med midlar og at vi er sikra samanhengande utbygging heilt til Bykle, seier Leif Rygg.

Det betyr i så fall gul midstripe frå Kristiansand til Hovden innan 2023.

Lang prosess

Arbeidet med å bygge ut riksvegen gjennom Setesdal har vore i gang sidan tidleg på 2000-talet. Pengane frå regjeringa inneber at ein nå held fram med desse prosjekta:

  • Sandnes – Harstadberg: Dette er ei strekning sør for Valle sentrum der det akkurat nå blir gjort arkeologiske undersøkingar. Her blir det anleggsstart i 2015. * Det neste prosjektet er Skomedal ved Byglandsfjorden. Den smale vegen som går der i dag skal erstattast med ny veg med. Oppstart blir truleg i 2016. Planen er at vegen skal gå på oppsida av bygda.

  • Det tredje prosjektet i denne omgang er Frøysnes der planen til nå er å legge vegen på oppsida av bygda.

Etter at desse tre prosjekta er ferdige, startar ein i Bykle.

Viktig

Forslaget til statsbudsjett skal nå gjennom i Stortinget. Hans Fredrik Grøvan (KrF) i transportkomiteen, meiner det er avgjerande å få sikra pengar til Rv 9. — Det er viktig for meg å sikre at det blir tilført nok midlar til Rv9 slik at vi får ei samanhengande utbygging av vegen, seier Grøvan.