BYKLE: — Slike dagar er det godt å bu på ein liten plass. Heile bygda tenkjer på dei som har mista. Me er saman i stunder som dette, seier sokneprest Theis Salvesen.Presten fortel at Trydal var ein kjend og godt likt kar i Setesdal.Ulukka i jaktkoia på eigedomen til Trydal var det store og tunge samtaleemnet i både Valle og Bykle i går. Trydal var aktiv jeger og aktiv i Heimevernet. Difor kjende han mange i dalen. Han var på hjortejakt saman med sin mangeårige ven Villy Reinert Sunde frå Sandnes då det fatale hende. Dei to sat og venta på at det skulle ljosne av dag i den lille jaktkoia som ligg på Trydal sin eigedom Moen like ved bygda Trydal.Dei sette i gang gassgrillen for å få varmen i seg. Det skulle dei ikkje ha gjort.Kriminalteknikar Per Christian Tollefsen undersøkte i går gassgrillen saman med ein ekspert frå Propanspesialisten i Kristiansand. Grillen viste seg å vere 100 prosent i orden. Både grill, gasslange og gassflaske fungerer som dei skal.Difor trur politiet nå at mangel på surstoff, og ikkje gassforgifting, er årsaka til ulukka.- Obduksjonen vil endelig avgjere om me talar om kullosforgifting eller kveling, seier Tollefsen til Fædrelandsvennen.Tollefsen minner om at koia er særs lita, berre sju-åtte kvadratmeter, og at ho har vore uvanleg tett.På nettsidene til gassprodusent AGA vert folk åtvara mot bruk av open gassflamme for oppvarming inne.- Utan god lufting kan bruk av gassvarmar inne vere livsfarleg. Forbrenninga vil bruke opp lufta, og ein kan bli kvelt, seier sikkerhetssjef Einar Smestad i AGA Norge.Gassgrillen sto på då dei omkomne blei funne av konene sine søndag føremiddag. Då Tollefsen frå politiet kom til staden om ettermiddagen, hadde gassgrillen stoppa.odd.inge.uleberg@fvn.no