VALLE: Ifølgje politiet køyrde kvinna etter ungdomane og oppdaga at dei allereie hadde sett fyr på søppeldunken. Då kvinna konfronterte dei unge med ugjerninga, skal dei ifølgje politiet ha svara med å kaste den brennande dunken på bilen. Politiet jobba laurdag kveld med å få tak i ungdomane.