helsevesen | Fagdirektør Nils B. Johannessen slår fast i eit innlegg i Fædrelandsvennen at det er den medisinske tilstand og ikkje alder som bestemmer kven som skal få medisinsk behandling på sjukehuset, så eldre kan ta det med ro, meiner han. Sørlandet sjukehus har som visjon: «Trygghet når du trenger det mest». Visjonen blir betre om ein tar bort siste ordet.Det er ikkje behandlinga på sjukehuset som er problemet, det er ventelistene. Det er dei som må vente på behandling som har problemet. Fagdirektøren må svare på spørsmålet: Må sjukehuset bruke dei same ressursane for å behandle ein pasient om to veker, som det må bruke for å behandle den same pasienten om to månader? Er det ingen forskjell, kvifor skal sjukehuset ha ventelister?Helse Sør skal spare 1,2 milliarder kroner over to år. Spare betyr vel mindre aktivitet. Og Sørlandet sjukehus er pålagt å spare 111 millioner kroner og 210 årsverk.Direktør Asbjørn Hofsti for Helse Sør meiner at Sørlandet sjukehus må klare dette utan at tilbodet til pasientane blir redusert. Kven kan tru på slikt? Resultatet blir å vente og vente. Dei som arbeider på sjukehuset, som kjenner fylgjene av innsparingane, har ikkje lov til å fortelja oss kva dei veit.Og kva er det som har ført til budsjettsprekken? Har sjukehuset behandla for mange pasientar, eller er det fordi legane har fått auka løn. Uansett, me forventar å få hjelp av sjukehuset når me treng det. Det er kanskje politikarane som er ansvarlege for ventelistane. Då må me sørge for å få nye politikarar som er opptekne av å gje oss velferdsgoder i staden for skattelette. Skatten går inn i ei felleskasse, og så blir pengane brukt til felles gode. Å betale skatt er å vera solidarisk, det er å bygge eit godt samfunn.Johannes SandsdalenKristiansand