VALLE: Det er NMK Hylestad snøscooterklubb som skipar til løp. Denne gongen handlar det om Midt Norsk cup i snøscootercross. Dette er ein samanslutning mellom 9 snøscooterklubbar frå Midt og Sør Noreg , der alle arrangørane set i stand eitt løp kvar. Etter Vallecrossen stend det att tre løp, i Fyresdal , Singsås og deretter Finale på Oppdal der det ligg ein samla premiepott på 45.000 kroner.Til laurdagens løp er det påmeldt 50 køyrarar.— Dette er det største antal startande sidan NM i 99 i Setesdal, så harde kampar og fart og spenning er det garantert at det blir, seier Berg.Det mest spesielle er at det i Juniorklassen 380 ccm 12-16 år er 15 startande , derav fleire lokale enn nokon sinne. Det skal køyrast 17 heat i 5 klassar 380 junior, 500 Standard, 440 Racing , og 800 Racing.- Av dei som stiller til start er både Erik Kjøsnes og Svein Arne Uppstad på landslaget, men ingen ting er avgjort på førhand , det er veldig ope i alle klassane om kven som vil reise med sigeren, meiner stemneleiar Olav Berg.