FINT BESØK: Professor og felespelar Vidar Lande er den siste som vil vere fin på det, men han er ein av dei framste folkemusikarene i Noreg. Sambygdingane tykte det var gildt å høyre musikken hans. Foto: Johs Bjørkeli
GODFOT: Arve Rauk på trekkepel og Vidar Lande på fele sørga for at føtene fekk trimma seg under kaffeborda. Foto: Johs Bj rkeli

BYGLAND: Heile 70 menneske møtte opp og hadde nokre trivelege timar saman med blant andre bygda sin eigen store folkemusikar — professor og filosof Vidar Lande. Regnet ausa ned, så trimaktivitetane ute måtte droppast. Innomhus kosa dei seg, om lag 70 byglendingane og kvinner frå flyktningemottaket i bygda. Det vanka både kaker, kaffe og rjomegraut.

— Kjempegodt, sa Sediqe Qambari fra Afghanistan om rjomegrauten ho smakte for fyrste gong.

— Det minnar noko om retten firni frå Afghanistan, sa ho.

Heime att

Dei som møtte fram på den gamle prestegarden, fekk eksklusiv musikkunderhaldning og. Nyleg pensjonist, professor og folkemusikar Vidar Lande (63) gjesta heimbygda. Lande er filosofisk utdanna frå Noreg og Canada. Han fekk Spelemannprisen i 2004 saman med folkesongaren Gunhild Tømmerås.

— Eg bur framleis på Jessheim, men nå vil eg ha nokre gode år som pensjonist, seier professoren som har undervist både lokalt på Jessheim, på Universitetet i Oslo og Raulandsakademiet i Telemark.

— Nå spelar eg litt når eg har lyst, les mykje og trenar i skog og mark. Men det vert vel nokre forskingsturar til USA og, seier han. Plateinnspeling har han ikkje i tankane nett nå. Siste musikkproduksjonen frå hans si fele kom i 2006. ## Musikk og forteljingar

Også trekkspelaran Arve Rauk, felespelar Eivind Aakhus, multimusikar Vidar Frøysnes og andre spelemenn sørga for spreke toner slik at godføtene fekk trimma seg.

Anne Grete Haugå og Ingrid Kvåle fortalde om livet rundt prestegarden for ein generasjon og meir sidan.

Litt stive i ryggen var nok dei fleste som forlet prestegarden, så tid for trim blir det nok.