EVJE OG HORNNES: — Ein kjempesuksess, seier ein smilande organisasjonssjef i Norges Bondelag på Agder, Inge Kringeland. Søndag reknar han med at 7000 besøkande var innanfor Evjemoen sine portar for å få med seg Landbrukets dag. Det vil seie - dagen varte i tre heile dagar til ende frå fredag morgon til langt ut på søndag.Før dagane starta spådde arrangørane 10.000 besøkande. Det fekk dei, og meire til.Dei to bondelaga på Agder gav publikum valuta for pengane. 60 utstillarar med alt som kan assosierast med bondeyrke og ein haug med underhaldningstilbod - frå kåring av kyr og livdyrauksjon til Sørlandsmeisterskap i jurklutkasting og konebering. Den siste tevlinga vart likevel ein fiasko. Ingen mannfolk hadde lyst til å bere konene sine over grasmarkene på Evjemoen i ein slik konkurranse. Kan hende var det varmen, kan hende var det styrken i armane eller rein blygskap som gjorde at eit slikt leven fekk ingen sjå. Men eit par fekk premie likevel. Siri Svenkerud og Torleif Verpe som einaste førehandspåmelde. Dei fekk premie, utan at dei trong syne korleis ein konkurrerer i konebering.Sørlandsmeisterskap i jurklutkasting var ei anna tevling under Landbrukets Dag som var imøtesett med stor interesse. Her var deltakinga upåklageleg med mange etteranmelde. Odd Harald Reve, leiar i Vest-Agder Bondelag, traff bøtta fire av fem gonger, og tok sigeren med seg heim.Nordlandshest-mønstring, kalvedressur, hundedressur, livdyrauksjon, Nei til EU-agitasjon, målsak og pelsdyrreklame var og noko av det dei mange tusen frammøtte fekk med seg. God mat, kaffeprat og møte med gamle og nye vener, kolleger og forhandlarar var med på å gjere Landbrukets Dag på Evjemoen 2004 til ein gedigen suksess.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no