VALLE: Det er i kyrkjelydsbladet Vegleiaren under tittelen «Tullesmåtingsrepresentant» at sokneprest Theis Salvesen gjev uttrykk for ein smule politikarforakt. Sjølv er han lokalpolitikar for Arbeiderpartiet.Innleiingsvis i leiaren sin fortel Salvesen at han før dei to siste stortingsvala har fått telefon frå sentrale folk som ynskte han på Stortinget«Eg trur faktisk eg kunne kome der om eg ynskte. Valet har vore lett for meg. Tenk å byte eit Setesdal med Oslo, forkynning av evangeliet mot lovarbeid, halde på med store ting i Valle med å bry seg med småting i hovudustaden. Eg måtte jo ha vore plent galen,» skriv soknepresten i Valle og Bykle.Salvesen seier at Stortinget sjølvsagt er eit viktig organ, men at der ofte vert «mykje bråk og lite ull, mange store ord om små og ubetydelege ting».SVs stortingsrepresentant Lena Jensen er det Theis Salvesen tenkjer på når han skriv om «Tullesmåtingsrepresentanten». Det var ho som gjekk ut i mediene og syntes det var ille at Agder Bispedøme brukte 120.000 kroner på ein pappengel med ei påtrykt bøn til å henge over senga til små barn.«Kva for fåming er dette? Her sit Stortinget og løyver eit statsbudsjett på nesten 800.000.000.000,00 og så legg ein av representantane seg opp i korleis 120.000 av dei vert nytta av Agder bispedøme. Då må ein ha for lite å gjere der inne,» skriv soknepresten, før han held fram med å fortelje at han no likar englar, anten dei er feminine eller maskuline.johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no