Kultur— og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland opnar laurdag 22. mai den nordiske festivalen for samtidskunst Momentum i Moss.- Høge ambisjonar har alltid prega Momentum. Festivalen har stor nasjonal betyding og held eit høgt kunstfagleg nivå på linje med dei beste festivalane i utlandet. Dette har gitt mange norske og nordiske kunstnarar ein «flying start» i deira internasjonale karrierar, seier Valgerd Svarstad Haugland. - Eg er glad for at Momentum er kome inn med eit fast tilskot på statsbudsjettet. Ei sterk satsing på internasjonal formidling av norsk samtidskunst er i tråd med intensjonane i Kulturmeldinga. Ein viktig grunn til at Momentum får offentleg støtte er den høge kvaliteten som festivalen har oppnådd, seier statsråd Svarstad Haugland.Kultur- og kyrkjedepartementet støttar Momentum med 2 930 000 kroner i 2004.