— Eg lo. Sjølv om eg er på ferie, måtte eg berre få biletet ut til massane onsdag. No er det mange som pratar om saka i bygda, seier redaksjonssjef Øystein Moi i bygdebladet for dalstroka innafor, moisund.com.

Moi slo like godt til med følgjande overskrift: «Rørslehemma tenestemenn vekkjer åtgaum». (For dei som ikkje er all verda i nynorsk: åtgaum tyder «oppmerksomhet«).

— Berre for moro. Eg måtte jo ha snakka alvorleg med dei i politiet visst eg skulle hengje ut nokon. Berre eit morosamt bilete, seier Moi, som skreiv følgjande tekst under biletet:

«Helsetilstanden hjå dei tilsette i politiet på Evje er stadig eit samtaleemne i bygda. Eigen parkeringsplass for dei rørslehemma tenestemennane er i fylgje leiinga berre ei mellombels løysing.«

I den noko større avisa tykte me au om biletet, men må me ringe kjeldene og gje dei høve til å forklare seg før med trykker på knappen for publisering.

Fyrstebetjent Vigdis Åsland har bodskapen klar:

— Dei er artige i moisund.com. Men her var me på oppdrag og skulle hente ein person. Difor parkerte me der det høvde best, seier ho.

Åsland streker under at alle tilsette hjå lensmannen på Evje er i høveleg, god form.