STJØRDAL: Senterpartiets landsmøte vedtok søndag følgende uttalelse om fylkesveiene:

« Fylkesvegane må prioriterast i statsbudsjettet

Å prioritere samferdsle er satsing for framtida. Senterpartiet meiner at gode vegar er avgjerande for å sikre positiv utvikling i heile landet. Regjeringa sin ekstra milliard til fylkesvegane i 2010 og 2011, samt rentekompensasjonsordninga, er ein viktig start og må vidareførast. Samtidig er utfordringane store.

Fylkesvegane utgjer no om lag 80 prosent av vegnettet. Vedlikehaldsetterslepet er stort og det er sterk kostnadsvekst i funksjonskontraktane. Dårleg vegstandard skaper store utfordringar for både næringsliv og privatpersonar. Trafikktryggleik og vegstandard heng saman.

Senterpartiet vil arbeide for ei standardheving av fylkesvegane til 10 tonns akseltrykk og fast dekke. Difor krev vi minst 1 milliard meir til vedlikehald, og ein monaleg auke av dei frie midlane til fylka som skal gi rom for investering.»