HIV: Dette var ei av overskriftene blikket mitt blei møtt med då eg kom inn på dagbladet.no. Tidlegare var det straffbart å spreie HIV-smitte, du kunne faktisk få inntil seks år i fengsel. Nå meiner HIV Noreg at dagens lovgjeving er diskriminerande for landets HIV-positive, skriv Dagbladet.Kvifor skal det ikkje vere straffbart å spreie ein dødelig sjukdom? Dei går rundt og ber på eit våpen, og veit at dei ikkje blir straffa om dei bruker det. Er det no fare for at HIV kjem til å spreie seg i større grad, og blir han den nye pesten i Noreg? Organisasjonen meiner det skaper falsk tryggleik å gjere ein av partane ansvarleg. Korleis kan dei påstå dette? Jo, dei meiner der er båe sitt ansvar å bruke prevensjonsmiddel under samleie, men ein person som er smittebærer har sjølv ansvaret for sjukdomen sin. Akkurat som at kvart einskildmenneske har ansvaret for sine handlingar, og dei HIV-positive som spreiar djevelskapen skal sjølvsagt bli møtt med konsekvensar.Korleis kan dei stå fram og seie at dette er stigmatisering? Du blir jo ikkje straffa fordi du har HIV, du blir straffa fordi du har spreidd det. Det er eit skilje som bør fram tydelegare, og så må media la være å blåse opp saker som dette. Elisabeth N. ThomassenFiskå skole