BIOGRAFIJakob Sande. Liv DiktingForfatter: Ove EideForlag: SamlagetGrundig, oversiktleg, men slapt redigert.4 Då Ove Eide nyleg lanserte boka om Jakob Sande (1906-1967), gjekk han til åtak på Jon Eikemo. Eide meinte at Eikemos teaterførestilling om Sande forsterkar inntrykket av Sande som moromann. Eikemo visste å bite frå seg. Slikt blir det god presse av — og truleg godt sal.Når vi har ei oppfatning av Sande som ein visediktar full av humor og beisk ironi. er det takka vere Ønskekonserten i NRK Radio. Kurt Foss og Reidar Bøe var blant dei mest spela der i 50- og 60-åra, med viser som «Kallen og katten», «Kleppe-Maret» og «Då Daniel drog».Men Foss og Bøe har ikkje skulda åleine, meiner Eide. Eikemo gjer sitt, og akademikarane har ikkje vore betre. Inntrykket av Sande som grunn humorist er førd vidare i litteraturhistorier og artiklar. I tillegg blei Sande med sin faste rim og rytme eit offer for modernismen. Forma telte mot han. Ove Eide, som har arbeidd med denne boka i mange år, vil syne at lyrikaren og novellisten Sande er noko langt meir Han fangar både livets morke og ljose sider i si bundne form. Og biografien provar at han kjende båe delar frå eige liv. Det var mykje einsemd og smerte, ofte døyvd i alkohol. Sande har óg ein klår sosial tendens. Han vaks opp i Dale Sunnfjord i eit miljø med sterke impulsar frå Bondevennene til Jaabæk og frå arbeidarrørsla. Han er på dei svakes side, både mot verdsleg og religiøs makt. Mannen som gav oss «Det lyser i stille grender», er ikkje mot kristendommen, men mot all maktmisbruken i religionens namn.Eit godt stykke på veg lukkast Eide med biografien, han er velskriven og oversiktleg, men skjems av oppattakingar og for mange sitat frå bokmeldingar og artiklar. Boka hadde tent på ei nedkorting på hundre sider og eit meir personleg grep.Alf Kjetil Igland