BYKLE: — No til helga, 22. september, er det nøyaktig 50 år sidan biskop Smidt var på Hovden og vigsla Hovden kapell til kyrkjeleg bruk. Det skal feirast med både hefteutgjeving, jubileumsfest og gudsteneste i løpet av laurdagen og sundagen, seier kyrkjeverge Helene Horverak.

Stor dugnad. Då kapellet vart bygt, hadde ikkje Bykle kommune mykje pengar. Difor låg det stor dugnadsinsats bak oppføringa av det vesle kapellet. Dette og meir til skriv historikarane Leonhard Jansen og Bjarne Tveiten om i det 70 sider store jubileumsheftet som vert lansert laurdag.

Laurdag ettermiddag vert det jubileumsfest i grendehuset. Her vert det underhaldning, helsningar, musikk og mykje anna.

Gudstenesta på sundag klokka 11 vert den første den nye soknepresten i Valle og Bykle, Arne Skare, skal ha i Fjellgardane kyrkje. Prost Ole Gunnar Sæbø og soknerådsleiar Brita Mosdøl deltek ved innsettinga av Skare som prest ved kyrkja. Andre som deltek er mellom anna tidlegare sokneprest Theis Salvesen og den unge, dyktige songaren Sara Paskaleva frå Hovden.

vil Utvide kyrkja. - Så får ein håpe på godt ver, slik at stolar og lydanlegg ute kan fungere for dei som eventuelt ikkje får plass på dei rundt 100 stolane i kyrkja. Det må kanskje vere eit mål å få utvida kyrkjerommet noko før det er gått 50 år til, seier kyrkjeverge Horverak.