Det er audt i det gamle tunether er det stilla som rår.Ei bytte ligg bortgløymtved brønnen,Ho har lege der mange år.Huset står grått og lutarsom er det ei sorg det ber,vindu som sløkte augoser noko vi ikkje ser.Ein gong var det liv i huset,fattig kan hende det er,men småborn leika i gard og tundet var mange som vaks opp her.Eg spør kva som hendte,kven var det som sa,dei reiste ein dagtil Amerika.Svanhild Londal LervikKvinesdal