— Både som lokalpolitikar og som Sp-mann meiner eg det trengs eiga politisk leiing i alle tre kommunane i dalen. Det må til for å halde trykket oppe på utvikling, seier den erfarne lokalpolitikaren.

Fjerde gongen

Myrum blei einstemmig attvald som Senterpartiet sin ordførerkandidat mandag kveld. Det er fjerde gongen Myrum stiller til val som ordførarkandidat for Sp. Han sat to periodar som ordførar på 90-talet, før han gjorde comeback i 2011. — Eg hadde sagt nei, men dei ba meg vurdere på nytt og på nytt. Det blei til at eg sa ja. Me er inne i spanande tider, men ideelt skulle jo noen yngre enn meg tatt over no, sier Myrum.

For fyrste gong i historia seier Valle kommune opp tilsette. Kraftinntektane er ikkje kva dei var, og det er ikkje plass til like mange kommunetilsette som før.

Krevjande

— Det er ei krevjande sak, men med opplever forståing i bygda. Teknologien endrar seg, og då må ting organiserast annleis, seier Myrum, som altså vonar at Setesdalen kan fortsetje med tre kommunar.

Samstundes seier han: - Blir me tvungne til større einingar, er ei samanslåing av Valle, Bykle og Bygland mest naturleg.