EGOISTAR | Ynkelege Human-Etisk Forbund, HEF, seglar under falskt flagg. HEF hevdar at humanisme og etikk, uttrykt gjennom menneskerettane til FN, er drivkrafta deira. Dette hadde vore flott dersom HEF hadde arbeidd med dette, ikkje berre prata. Diverre er heile humanismen deira snakk, fine ord, men inga eller lite med handling. Handling til hjelp for menneske som blir utsette for brot på menneskerettane. Eit slik brot er den mangelen på reint vatn mange menneske har i dag. Til nå har HEF i Kristiansand ikkje gitt bort ei krone til brønnboring for å skaffe reint vatn til dei som treng det.Eg har tidlegare hevda at HEF er ein religion tilpassa egoistar. Fordi HEF stiller ingen krav til medlemmene sine, korkje om pengar eller anna innsats, for å verne menneskerettane. Kort sagt, HEF dyrkar seg sjølv og sine kampsaker. HEF i Kristiansand med vel 1000 medlemmer, som løyser ut 450.000 kroner i offentleg stønad, har ingen pengar å gi bort til folk som treng det. HEF må tru på eit betre liv ved hjelp av ord og ikkje gjerningar.Dette kjem tydeleg fram i HEF i Kristiansand sin årsrekneskap. Årsrekneskapen deira fortel korleis dei brukar pengar på seg sjølv og sine saker. Ynkelegare og dårlegare økonomisk støtte for å verne menneskerettane er sjeldan å sjå. For sak nummer ein er kamp mot religionar. Her kunne HEF vore ærlege, sagt kvar dei verkeleg står for: Kamp mot alle religionar! Då slapp dei lyge på seg humanisme og etikk.HEF i Vest— Agder brukte i fjor tid og krefter på at elevane på ein skule ikkje skulle syngje eit religiøst bordvers. Elles har dei arbeidd for å lage sine eigne gravferdsritualer og at humanetikarar skal sleppe å liggje i vigsla jord. For meg blir dette eit døme på kor HEF brukar innsatsen sin. Kva med å gjere noko for dei jentene som blir omskorne? Eller andre som treng hjelp?Eg veit at HEF sin konfirmasjon er opne for alle som ønskjer det. Konfirmantane samla inn pengar til eit prosjekt i India. Fint! Folk frå Terrengkarusellen hjelper til under Røde Fjær-aksjonen nå i vår utan at dei har skrytt på seg noko ekstra humanisme på grunn av det. Kva om dei borgarlege konfirmantane gav bort pengegåvene sine til India-prosjektet? Sanninga er at utan pengegåver eller andre gåver ville få gidda å stå til borgarleg konfirmasjon. Tek du pengane bort frå den borgarlege konfirmanten, tek du gleda hans ved konfirmasjonen bort med det same. Til nå har eg aldri treft på ein borgarleg konfirmant som har sagt at det er humanetikken som er avgjerande for valet hans.Hadde HEF vore tøffe, nyskapande hadde dei utsett konfirmasjonen sin til konfirmanten var 18 år. I vårt samfunn er alle barn til dei når denne alderen.HEF er ein religion utan at dei vil vedkjenne seg det. HEF har rett til å stå for vigsel, namnedag og gravferd. Gravferder til humanetikarane minner om eit forretningsmøte eller eit trøytt seminar, står det i Magasinet 10. april. Det må bli slik når presten ikkje trur på Gud. Når HEF på død og liv skal ape etter religiøse ritual, blir resultata like gode og forfriskande som poteter frå ifjor.HEF bør nå snart ta etikken sin på alvor, vere ærlege. Ærleg nok til å seie at dei er ein organisasjon som motarbeider religionar, og ingenting anna. Då slepp dei den ynkelege seglasen med eit falsk humanetisk flagg som dei har nå. Leiv TorstveitKristiansand