BYKLE: Målet med den svært ambisiøse avtalen er å doble talet på utanlandske gjestedøgn på Hovden gjennom eit samarbeid mellom Color Line og Bykle kommune.

Ein sentral del av samarbeidet er ei arbeidsgruppe med representantar frå Color Line, kommune og reiseliv. Dei skal mellom anna gje innspel til kommunen når dei skal avgjere korleis områda på Hovden skal byggast ut.

Men like før signeringa, vart det bestemt at ein folkevalgt representant vart teken ut av gruppa. Grunngjevinga var at ein ville ha ei mindre gruppe som kunne jobbe effektivt. I tillegg til at alle innspel frå gruppa uansett ville bli lagt fram for politikarane.

Ordførar Jon— Rolf Næss aksepterte og signerte utan å legge saka fram for kommunestyret.

Reagerer

No må ordførar Jon-Rolf Næss svare for seg, etter at den uavhengige representanten Nina Skiftenes har sendt brev til ordføraren. I eit intervju i lokalavisa Setesdølen, seier Skiftenes at ho ikkje lenger har tillit til ordføraren.

— Vi kan ikkje basere politikken i Bykle på at somme snakkar på bakromma og gjev seg sjølv mandat der og då. Det er ikkje demokrati, seier ho til avisa.

Ho vil at saka blir teken opp att i kommunestyret sidan ordføraren ikkje fekk noko mandat til å endre avtalen.

Også varaordfører Tor Hallvard Mosdøl (Sp) synes saka er handtert feil, sjølv om han ikkje går like langt som Skiftenes.

— Eg meiner han skulle ha handtert det på ein annan måte. Men no får vi ei orientering i neste kommunestyremøte, og eg trur ordføraren har hatt sine grunnar til å gjere det på denne måten, seier Mosdøl.

Dårleg tid

Ordførar Jon-Rolf Næss seier at kort tid før avtalen skulle signerast, vart han kontakta av arbeidsgruppa som jobba fram avtalen. I denne gruppa sat det representantar for både Color Line og Bykle kommune.

Gruppa ville altså endre på samansetninga av arbeidsgruppa som skal jobbe for å utvikle Hovdens om destinasjon og som skal leiast av Kåre Sandvik frå Universitetet i Bergen. Endringa ville føre til at gruppa ville miste ein folkevald representant.

— Eg hadde to val, seier ordførar Jon-Rolf Næss.

— Anten kunne eg ta endringane til kommunestyret, eller så kunne eg ta ei sjefsavgjerdsle og gje klarsignal. Eg valgte det siste, og grunnen er at det var viktig å kome i gang med arbeidet. Vi har ein kommunedelplan som skal opp, og det er viktig å få innspel til denne, seier Næss.

Viktig arbeid

Han er ikkje samd i at det er eit demokratisk problem at det ikkje vart ein folkevalgt i gruppa. Kommunestyremedlem Ole Bruun (H) er med som observatør, men ifølgje den underteikna kontrakten er han med som representant for Hovden Høyfjellsenter.

— Det som er sentralt her, er at at dette skal vere ei gruppe som næringslivet styrer. Det er dei som kan reiseliv. Og framlegga gruppa kjem med, vil også kome opp i kommunestyret, seier Jon-Rolf Næss.

- Så dei vil ha same status som ein kvar anna høyringsinstans?

— Ja, men både Color Line og reiselivsselskapa er tunge aktørar, så vi har virkelig tenkt å ta dei på alvor. Dei er ei svært viktig gruppe.

Neppe ny sak

Avtalen mellom Color Line og Bykle kommune vert neppe forkasta av kommunestyret.

— Eg kan ikkje tru det. Det som skjer er vel at det vert påpeika at neste gong får ein gjere de på ein annan måte, seier Kai Jeiskelid (H), kommunestyremedlem og tidlegare ordførar.

Han er samd med varaordførar Mosdøl om at saka skulle ha vore løyst på ein annan måte, men han synes ikkje endringane som vart gjort er spesielt dramatiske.

— Eg meiner dette dreiar seg om små endringar, seier Jeiskelid.